hareid_il_logo_135.png









 

06.02. ODDEN-CUPEN DAG 2: STERKT SØLV TIL HAREID-DAMENE

Damene. Keeperen Arnhild Åsmo Bogset i front.
Damene. Keeperen Arnhild Åsmo Bogset i front.

* Hareid-damene stilte med unntak av keeper Arnhild Åsmo Bigset eit svært ungt og urutinert lag. Men den nye trenarduoen Venthan Ketheeswaran og Hazhir Alipoor fekk suksess på direkten. Først vann Hareid si gruppe etter klare sigrar mot Hasundgot 1 og Hødd. Deretter vart det 4-1-siger mot SUFH i semien, etter hattrick av Lone Sofie Gjerde. I finalen vart Hasundgot 2 for sterke med siffera 2-0. Men uansett ei glimrande turnering av Hareid. Mykje fint spel og høgt teknisk nivå. Kethleen Lorenzo fekk pris som beste spelar i dameklassen. Julia Lemos vart Hareid sin mestscorande spelar med fem mål.

* Begge laga til Hareid 2-3-gruppa rauk i kvartfinalane. Dei eldste bomma på nokre feita skansar mot det eine ÅVK-laget. Og når desse vart bomma på gjekk laget i oppløysing på slutten og tapte heile 4-0. Dei yngste fekk ein uheldig start på sin kvartfinale mot Flø og kom under 2-0 tidleg. Men resten av kampen var Hareid klart best og fekk både redusering og utlikning. I ekstraomgangane på to gonger to minutt vart det ikkje mål. Og ikkje før etter flerie straffespark til kvart lag bomma Hareid og Flø gjekk dermed vidare. Dei yngste sin toppscorar vart Emil Vartdal Hareide med fem mål.

* Juniorlaget spelte berre for æra i dag. Men det gjekk for så vidt greitt. Det stod 0-0 mot langt meir rutinerte Haddal til det var igjen eit par minutt. Då scora Haddal, og trass i ein kjempesjanse til Hareid på slutten vart det eittmålstap.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR