hareid_il_logo_135.png









 

05.02. ODDEN-CUPEN DAG 1: DAMENE IMPONERTE

Suksess på direkten for den nye trenarduoen for damelaget, Hazhir Alipoor og Venthan Ketheeswaran.
Suksess på direkten for den nye trenarduoen for damelaget, Hazhir Alipoor og Venthan Ketheeswaran.

Det har stort sett vore ein god opningsdagen i "Odden-cupen" for Hareid-laga.

* Hareid-damene stilte eit ungt lag mot Hasundgot, men imponerte veldig og vann 4-1 mot eit langt meir rutinert lag. Den nye spekaren Julia Lemos scora dei to siste Hareid-måla. Lone Gjerde og Ole Flø Larsen dei to første. Damene hadde berre éin kamp denne dagen.

* Hareid junior vart nok litt for lette (og kanskje overivrige?) i dag. Dei var først uheldige som tapte 2-1 mot Tjørvåg. Deretter tapte dei stort mot ÅVK 2.

* Hareid 2-3-gruppa stiller med to lag. Dei yngste, her kalla Hareid 2, vann begge sine kampar utan store problem. Rett nok var Hareid heldige i starten av kampen mot ÅVK 1, men utover i kampen spelte Hareid seg varme og vann 4-0. Emil Vartdal Hareide scora to av måla, medan broren Arthur scora eitt mål på hovduet. I andre kamp mot LGFK junior vann dette Hareid-laget 5-2. Arthur Hareide scora to gonger den kampen. Dei eldste, her kalla Hareid 1, vann først greitt 4-0 mot Moltu - trass i mange sløste sjansar. I andre kamp vart det 0-0 mot eit bra Island Offshore-lag. Hareid 1 er så godt som i sluttspelet, men treng eitt poeng mot Gjerdsvika i morgon for å vere heilt sikre. Hareid 2 er vidare uansett resultat mot Austefjord i morgon.

Følg turneringa live her.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR