Skriv ut

18.12. HAREID 2-3: WARHOLM LIGAMEISTER DEL II 2016

Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.
Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.

Hareid 2-3-gruppa har tradisjon for å køyre "liga-treningar", det vil seie at ein (i løpet av til dømes eit halvt år) samlar poeng for sigrar på treningane. Søndag kveld vart det klart at Martinus Warholm vart ligameister del II i 2016. Han vann eitt poeng framfor Andreas Emdal Fure. Fredrik Fagerli Abrahamsen og Emil Johannes Dahlen Folkestad delte tredjeplassen. Vi gratulerer.