Skriv ut

28.09. FØRSTE HAUSTTAP FOR HAREID 3

Hareid 3 tapte 3-1 heime mot Tjørvåg 2, eit lag som berre består av spelarar frå Aust-Europa.

Og kampen vart akkurat som frykta for Hareids del. Tjørvåg fekk eit tidleg mål og la seg bakpå. Hareid pressa og pressa, og skapte haugevis av sjansar, men Tjørvåg sin glimrande keeper (banens suverent beste spelar) sørgja for at det stod 0-1 til pause.

Hareid-kaptein Andreas Emdal Fure utlikna tidleg i 2. omgang, og Hareid pressa veldig på for fleire mål. Men duellsterk og kontringsdyktige Tjørvåg utnytta to feil i Hareid-forsvaret og fekk to mål i slutten av omgangen. 

Om ein ser på posession, spel og sjansar var det sjølvsagt eit blodig urettferdig resultat. Men det er lov å vere kynisk i fotball. Og det er lov å ha ein god keeper.

Hareid-troppen: Ajeevan Amirthalingam, Jonas Pilskog Pedersen, Odd-Magne Brandal, Thomas Østrem, Andreas Emdal Fure (K), Fredrik Fagerli Abrahamsen, Martinus Warholm, Eirik W. Brandal, Kevin Øvrelid, Truls Jonny Levik Kolstad, Håvard Bolstad Banne.

*** Fure, ** Warholm, * Pedersen