hareid_il_logo_135.png









 
16.04. THE BATTLE OF HAREIDLANDET FREDAG
Hareid G16 tok sølv i Norwauy Cup og vann 2.-divisjon i fjor. I år spelar dei i 1.-divisjon.
Hareid G16 tok sølv i Norwauy Cup og vann 2.-divisjon i fjor. I år spelar dei i 1.-divisjon.

Hareid sitt guttelag (G16) har ikkje spelt i 1.-divisjon på åtte år. No er dei tilbake, og i første runde er nabolaget Hødd motstandar. Kampen går på Hareidsmyrane stadion fredag 18.30. Hødd kjem sikkert med eit svært godt lag, så det ligg an til ein skikkeleg prestisjekamp. 
PS. Jentelaget (J16), opnar med bortekamp mot Ørsta laurdag.
PS 2. Hugs å sende inn referat frå kampane i ungdomsfotballen, og glimt frå kamoar/turneringar i barnefotballen, til hareidsida@gmail.com.

26.02. ENDELEG BEKREFTA: 1.-divisjon på guttelaget
Isak Kristoffersen er spiss på Hareid G16.
Isak Kristoffersen er spiss på Hareid G16.

Kvalifiseringa for årets 1.-divisjon for G16-lag er endeleg ferdig etter eit par hengekampar denne veka. Og gledeleg nok viser tabellane at Hareid går til 1.-divisjon som nest beste trearlag. Gratulerer til Benjamin Slettebakk og Co.! No blir det mange store utfordringar i årets serie. PS. Hareid har ikkje hatt lag i 1.-divisjon for G16 sidan 2007, året det vart lagt kunstgras i Hareidsmyrane, og omtrent då årets gutespelarar starta å spele fotball. Er det endeleg kunstgras-effekten som slår inn?

17.02. HAREID G16 kan framleis hamne i 1.-divisjon

Les meir på Hareid IL sin facebookprofil.

Sist Hareid G16 spelte i 1.-divisjon var i 2007. Juniorlaget har vore med oftare etter at vinterkvaliken vart innført, men stilte ikkje opp i kvaliken i år.

14.02. FLOTT SIGER TIL GUTELAGET

Gutelaget, som for det meste stilte med siste års smågutespelarar og første års gutespelarar, fekk ei god avslutning på kvaliken med 5-2-siger mot Ravn/Norborg. August (2), Ive, Sebastian og Isak scora måla. Hareid vart leia av Kim Varhaug. Til vanleg er Benjamin Slettebakk hovudtrenar. Han spelte Oddencup med Hareid 2.

11.02. GUTELAGET MED KNAPT TAP MOT GODT LANGEVÅG-LAG

Dette var den andre av tre kampar i vinterkvaliken. Hareid opna godt og var gode dei første 20 minutta. Då leia Hareid 1-0. Men det siste kvarteret av 1. omgang opplevde laget ein kollaps og låg brått under 3-1. 2. omgang opna jamt. Langevåg fekk ei straffe dei scora på. Men derifrå og ut var Hareid klart best. Det vart to reduseringar og til slutt tap 4-3. Men denne kampen kunne Hareid like gjerne ha vunne. Hareid-måla kom ved August Julian Brandal (2) og Håvard Øvrelid (som gjorde comeback denne kampen). På Hareid-laget var spesielt Håvard Øvrelid, William Valde Bigset, Håvard Mork Breivik og Andreas Nesset jr. gode. Dei to sistenemnde er smågutespelarar, Nesset faktisk 2002-modell. Så sjølv om det neppe blir 1.-divisjon på gutelaget i år, så ser framtida lys ut. REF.

25.01. KNAPT TAP

Hareid sitt gutelag tapte 1-0 mot Aksla i første kvalifiseringskamp i Sunnmørshallen laurdag. Hareid møter seinare Langevåg og Ravn/Norborg i denne gruppa. Langevåg vann 9-1 mot Ravn/Norborg i går.

31.10. G16 avdelingsmeistrar!

Det er over ei veke sidan gutelaget avslutta sesongen, men i går kveld vart det endeleg klart at dei var avdelingsvinnarar i 2.-divisjon. Ein svært sterk prestasjon i ei avdeling med mange store klubbar. Gratulerer til trenarar og spelarar! PS. For eit par dagar sidan vart det klart at Benjamin Slettebakk går på ein ny sesong for Hareid sitt lovande gutelag. Ein avtale leiinga i sportsleg utval er svært nøgde med. Han får også med seg eit bra trenarapparat rundt seg. Vi kjem tilbake til det seinare.

02.09. Gutelaget spelte 1-1 heime mot LGFK i 2.-divisjon

Og det resultatet var nok bortelaget klart mest nøgde med.

Simon Holstad Grimstad scora Hareid sitt mål.

Hareid har no éin siger og to uavgjorte i haustserien.

29.08. Sterk bortesiger til gutelaget
Coach Benny Slettebakk.
Coach Benny Slettebakk.

Hareid G16 vann 4-2 borte mot Ørsta i kveld. Håvard Øvrelid (3) og Gustav Bjørlykke ordna 4-0 i løpet av den første halvtimen, men i løpet av dei siste ti før pause scora Ørsta to gonger. I 2. omgang vart dei ingen mål. Dermed enda det 4-2 til Hareid mot det som vi trur blir eit (anna) topplag i 2.-divisjon i haust.

23.08. Uavgjort i haustopninga for G16

Hareid G16 spelte 3-3 heime mot Ørskog i dag, i det som var haustopninga i 2.-divisjon. Kampen vart spelt som niarfotball. Det vart ein kamp prega av lange ballar og kriging, men det var uansett urettvist ut frå spel og sjansar at Hareid ikkje vann denne kampen - sjølv om Ørskog var gode på dødballar. Ørskog sitt siste mål kom heilt på tampen. Hareid sine mål kom ved Håvard Øvrelid, Isak Kristoffersen og Kristen Røssevoll.

03.08. Norway Cup: Bilete frå premieutdelinga
10.jpg

Finn de her

Sjekk også Hareid IL på facebook.

01.08. Norway Cup: Sølv til Hareid G16

Hareid hadde ikkje krefter til å halde ut heile finale mot Fyllingsdalen. Simon Holstad Grimstad sende Hareid opp i leiinga, men Fyllingsdalen scora to før pause. I 2. omgang hadde Hareid gått tomme og sleppte inn to mål til. Les meir her. Uansett; glimrande jobba av både dette Hareid-laget og alle andre som har representert Hareid i Norway Cup!

01.08. Norway Cup: Då blir det finale!

Hareid vann 3-1 mot Syril i semifinalen. Simon Holstad Grimstad (2) og Gustav Bjørlykke Kløvning. Hareid hadde eit stort press mot seg gjennom store delar av kampen, men kjempa heroisk og scora flotte mål. Les meir frå kampen her.

** Finalen mot Fyllingsdalen går klokka 14.45. Kampen går live på TV2 Sportskanalen.

31.07. Hareid-kampane torsdag (dag 5): G16 II til semifinale!!

* J14: Etter ein jamn kamp tapte J14 Hareid 3-2 mot Øyer /Tretten skravlehønene i  1/8-dels finalen i dag på Valle Hovin. Flotte mål av Jenny Holstad og Kethleen Alstadsæter.
* G16 (II): Vann 2-1 på sudden death mot Ivansiuc Cluj FS. Mål av Simon Holstad Grimstad.
* G16 (I): Tapte 3-1 mot Hessa/SIF.
* G14: Tapte 4-2 mot TuS Felde. Begge måla av William Valde Bigset. Det stod 2-2 ei stund, men TuS Felde vann den jamne kampen.
* G13: Vann 6-5 mot Løvenstad. Les meir her.
Kvartfinalane:
* G13: Tapte 5-0 mot Neset. Hareid verka noko trøytte, men har uansett levert ei kjempegod turnering.
* G16: Vann 4-2 mot Arsenal. Les meir her.

30.07. Norway Cup: Tid, stad og motstandarar for Hareid-laga torsdag

* G16 I: Møter Hessa/SIF på Bjølsen klokka 09.00 (b-sluttspel 1/8-finale).
* G16 II: Møter Ivansiuc Cluj FS frå Romania klokka 12.55 på Abildsø (a-sluttspel 1/8-finale).
* G13: Møter Løvenstad på Ekeberg E19 klokka 13.50 (a-sluttspel 1/8-finale).
* J14: Møter XXX klokka 09.55 på Valle Hovin (b-sluttspel 1/8-finale).
* G14: Møter TuS-Felde klokka 10.50 på Ekeberg E12 (a-sluttspel 1/8-finale).

30.07. Norway Cup dag 4 (onsdag)

* G13: Vann 4-0 mot Hjelset-Kleive. Les alt om kampen på vikebladet.no. Hareid møter Løvenstad i 1/16-finalen.
* G16 (I): Vann 3-1 mot Røldal. Stillinga til pause var 3-0. Kristen Haddal Røssevoll (2) og Jacob Almli scora for Hareid. Sjå bilete.
* G16 (II): Vann 10-0 mot Skjervøy. Måla vart scora av Håvard Øvrelid (4), Simon Holstad Grimstad (3), Isak Kristoffersen, Olav Håberg Dimmen og Andreas Rise.
*J16: Tapte 1-0 mot Stordal etter ekstraomgangar.
* J14: Vann 2-1 mot Nordstrand. Gry skriv: "Hareidsjentene slo Nordstrand med stil i dag. Olea Flø Larsen skora to flotte mål, begge i 2. omgang. Nordstrand reduserte til 1-2 i siste speleminutta."
* G14: Vann 3-1 mot Fjellhamar etter mål av William Valde Bigset, Nils og Adrian Røren.

29.07. Norway Cup-kampane onsdag

* J14: Spelar 1/16-finale i b-sluttspelet på Ekeberg klokka 20.15. Mostandar ikkje klar.
* J16: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Bjølsen klokka 18.25. Motstandar ikkje klar.
* G14: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Abildsø klokka 19.20. Mostandar ikkje klar.
* G13: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Ekeberg klokka 10.50. Motstandar er Hjelset-Kleive.
* G16 (II): Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Ekeberg klokka 17.30. Motstandar ikkje klar.
* G16 (I): Spelar 1/16-finale i b-sluttspelet på Ekeberg klokka 14.45. Motstandar er Røldal IL.

29.07. Norway Cup-resultat dag 3 (tysdag)

* J16: Hareid - Jølster-Samba 1-0. Mål av Runa Mork Røyset. Dermed tre av tre sigrar for J16 og gruppesiger. Men dette var ein heller svak kamp av hareidsjentene, som lovar å kome sterkare tilbake i morgon.
* G16 (I): Først vann dei 6-1 mot Bogenhausen. Måla kom ved Jacob Almli (2), John Henrik Kvalsund (2), Kristen Haddal Røssevoll og Nathaniel Eiksund Brekke. Om ettermiddagen venta lagets tredje kamp på under eitt døgn. Hareid spelte ein god 1. omgang og leia 2-0 etter to mål av Kristen. Men 2. omgangen vart blytung. Gjøvik-Lyn scora tre mål, og dei kunne fort ha scora endå fleire. Men med 3-2-tap blir det b-sluttspel på dette Hareid-laget.
* G16 (II): Hareid - Dyre Vaa/Vinje 5-1
* G14: Vann 3-2 mot Gimse United etter to mål av William Valde Bigset og eitt av Jeitan. Dermed til a-sluttspelet som gruppevinnarar.
* J14: Tapte 5-0 mot Strømmen. Dermed blir det b-sluttspel på dette laget. Kjapt ref.: "Strømmen var på hugget frå første minutt og sikra 0-5 til pause. Hareidsjentene spelte ein god 2. omgang, men klarte ikkje å redusere."
* G13: Vann heile 15-4 mot Furuset. Dermed suverene gruppevinnarar.

28.07. Hareid-kampane dag 3 (tysdag)

* G16, Hareid 1: Møter Bogenhausen klokka 09.55 på Ekeberg E16. Deretter møter dei Gjøvik-Lyn på Abildsø klokka 16.35. Hareid 1 står med null poeng, men det er seks nye poeng å kjempe om tysdag.
* G16, Hareid 2: Møter Dyre vaa/Vinje klokka 14.45 på Bjølsen. Begge laga er vidare til a-sluttspelet, sidan det berre er tre lag i gruppa og begge har slått Fjellhamar. Men Dyre vaa/Vinje har betre målforskjell. Så Hareid må ha tre poeng for å vinne gruppa.
* J14: Hareid møter Strømmen klokka 17.30 på Ekeberg E15. Hareid må vinne for å gå vidare til a-sluttspelet (med mindre dei spelar uavgjort og Vard samtidig slår Hamna, men ut frå resultata så langt er det lite sannsynleg).
* G14: Hareid er vidare til a-sluttspelet. Morgondagens kamp mot Gimse United (17.30 på Valle Hovin) avgjer kven som vinn gruppa. Hareid klarer seg med uavgjort. 
* G13: Hareid møter Furuset Blå på Furuset klokka 11.45. I skrivande stund (21.19) er ikkje resultat mellom Furuset Blå og Torvastad kome inn enno. Men Hareid er med 99 % sikkerheit vidare til a-sluttspelet. Med siger mot Furuset Blå blir det heilt sikkert gruppesiger.
* J16: Sjansen for at Hareid ikkje går til a-sluttspelet som gruppevinnar er så liten at vi ikkje skal gå vidare inn på det her. Uansett: Hareid møter Jølster-Samba på Bjølsen klokka 09.00.
** Hugs at vi oppdaterer fleire av kampane på vår facebook-profil.

28.07. Norway Cup-resultat dag 2 (måndag): Ny dag med 4 av 5 sigrar

* G13: Vann 5-0 mot Eidanger II. Les meir her.
* G14: Vann 5-0 mot Sogndal. Les meir her.
* G16: Hareid I tapte knapt 1-0 mot Rosendal. Stillinga til pause var 0-0. Kampen kunne ha bikka vegge vegar, men fem minutt før slutt avgjorde Rosendal. Uansett godt kjempa av Hareid 1, som spelte sin første kamp i turneringa. 
* J14: Hareid - Vard 4-2. Ref.: "Jentene frå Hareid spelte ein strålande kamp i dag på Valle Hovin i nærmare 30 varmegrader. Jenny Holstad smelte inn første målet for Hareid på eit frispark frå midtbana. 1-0 til til Hareid til pause. Kethleen Alstadsæter hadde mange flotte angrep og sørga for 2-0 til Hareid. Vard skora på langskudd 2-1. Jenny Holstad sikra Hareid sitt 3. mål. Vard sørga for nok eit mål og det stod 3-2, før Jenny Holstad skora siste målet for Hareid. Hareidsjentene hadde kjempegodt lagspel og høgt tempo heile kampen. Gratulerer til dei dyktige jentene!"
* J16: Hareid - Ibenstad 4-1. Mål ved Lone B. Gjerde 2, Runa M. Røyset og Sofie B. Mork. Ein ny god kamp av Hareid-jentene.

Forhånd.1234567...12Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR