hareid_il_logo_135.png









 

31.07. NORWAY CUP: GULL TIL HAREID ETTER MAKTDEMONSTRASJON!!!

William Valde BIgset kunne ikkje den rette historia om korleis Jakk og cåjl-songen kom til. Men kva gjer det når han scora tre mål i finalen og vart åra til banens beste. Hipp, hipp!
William Valde BIgset kunne ikkje den rette historia om korleis Jakk og cåjl-songen kom til. Men kva gjer det når han scora tre mål i finalen og vart åra til banens beste. Hipp, hipp!

For ein fantastisk dag for Hareid-fotballen! I dag kom det første gullet i a-sluttspelet til Hareid IL i verdas største fotballturnering, Norway Cup. Etter nokre smånervøse minutt i starten fekk Hareid to flotte mål mot Rosendal/Uskedal i 1. omgang - ved Håvard Øvrelid og William Valde Bigset. Kampen vart avgjort med nokre dødelege overgangar i 2. omgang. Først 3-0 ved Andreas Håbakk Rise. Deretter 4-0 ved William. Så fekk R/U ei redusering. Men mål av William (hans tredje) og Isak Kristoffersen gjorde at kampen enda 6-1. Det er berre å gratulerer til både spelarar, trenarar, støtteapparat og fansen. Dete gullet gledar heile Hareid kommune!

31.07. NORWAY CUP: G16 HERJA, SPELAR NY FINALE PÅ DIREKTESENDT TV

FINALEKLARE: Andreas Rise og Håvard Øvrelid.
FINALEKLARE: Andreas Rise og Håvard Øvrelid.

* Hareid G16 gjorde som i fjor og spelte seg fredag morgon fram til finale i a-sluttspelet i verdas største fotballturnering. Men at det skulle bli heile 6-1 (!) mot Orion Sporting frå Egypt hadde nok dei færraste trudd. Finalen mot Rosendal/Uskedal 2 går klokka 14.45. Og er du ikkje i Oslo kan du sjå kampen direkte på TV2 Sportskanalen. Gå for gull og lykke til!
* SMG14 tapte dessverre 1-0 mot UNRWA frå Palestina i semifinalen. Dei spelar bronsefinale mot Farsund IL klokka 12.30. Lykke til!

30.07. NORWAY CUP: OGSÅ SMG14 TIL SEMIFINALE, G16 SIN SEMIFINALE VART UTSETT

Eit foto frå fjorårets finale i G16-klassen mellom Hareid og Fyllingsdalen. Vi håper på likande scenar i morgon. Då har to Hareid-lag sjansen til å spele seg heilt til finale. GIRRI GIRRI!
Eit foto frå fjorårets finale i G16-klassen mellom Hareid og Fyllingsdalen. Vi håper på likande scenar i morgon. Då har to Hareid-lag sjansen til å spele seg heilt til finale. GIRRI GIRRI!

Det har vore ein ny stor dag for Hareid idrettslag i Oslo.
* Som vi melde tidlegare kvalifiserte G16 seg til semfinale etter to sigrar i føremiddag. Semfinalen mot Orion Sporting skulle ha gått i kveld, men er no utsett til 09.00 i morgon (fredag). Bane: KFUM-2. 
* SMG14 spelte kvartfinale no i kveld. Dei vann 3-0 mot Tornado Måløy FK, eit lag dei tidlegare slo i Selje-cup i vår. Måla til Hareid kom ved August Brandal (2) og Kim A. Alvestad. Også deira semifinale går i morgon 09.00. Kven dei skal møte får vi kome tilbake til.
** Dette er første gong Hareid IL har med to lag i semifinalane i ei og same utgåve av Norway Cup. Vi ønskjer karane lykke til i morgondagens semifinalar. GIRRI GIRRI!
** PS. Send gjerne inn foto til hareidsida@gmail.com.

30.07. NORWAY CUP: BLANT DEI FIRE BESTE FOR TREDJE ÅRET PÅ RAD

Andreas Håbakk Rise (her frå i fjor) er ein av dei som kan få sin tredje Norway Cup-medalje i morgon.
Andreas Håbakk Rise (her frå i fjor) er ein av dei som kan få sin tredje Norway Cup-medalje i morgon.

Å bli blant dei fire beste i Norway Cup tre år på rad trur vi ikkje mange har klart i turneringa si historie. Men det er nettopp det ein del av Hareid sine 1999-modellar på gutesida no har klart. For i ettermiddag vann Hareid G16 kvartfinalen i a-sluttspelet 6-2 mot Alshabab Lebanon. I farta kjem vi på i alle fall Sigve Overå Hide, Simon Holstad Grimstad, Isak Kristoffersen, Håvard Øvrelid og Andreas Håbakk Rise av dei frå årets lag som også var med på å ta bronse i SMG14-klassen i 2013 og sølv i G16 i fjor (begge a-sluttspel sjuar). Så no blir det spennande å sjå kva det blir til i år. Følg med på Hareid IL sin facebookprofil for tid og stad for kveldens semifinale. PS. Nytt av året er bronsefinale i Norway Cup.

30.07. NORWAY CUP: SMJ14 UTE

* SMJ14 tapte b-kvartfinalen 1-0 mot Nordby turbojenter. Uansett godt jobba av Hareid-jentene i årets turnering!
* Hareid SMG14 er vidare til kvartfinale etter 4-2-siger mot Rommen. Kvartfinalen går klokka 18.25.
* Hareid G16 er også klare for kvartfinale etter 3-2-siger mot Kvass/Ulvungen. Møter Lebanon klokka 14.30.
** Følg kvartfinalane live på facebook. Girri girri!

29.07. NORWAY CUP ONSDAG ETTERMIDDAG OG KVELD: ALLE HAREID-LAGA VIDARE!

* SMG14 vann 6-1 mot Sandane TIL. Dermed spelar Hareid 1/8-finale mot Rommen i morgon kl. 10.45. Bane: E12 (Ekeberg).
* G16 vann 3-0 mot Øystese. Dermed spelar Hareid 1/8-finale mot nordmørslaget Kvass/Ulvungen kl. 11.40 i morgon. Bane: BE5 (Bjølsen). 
* SMJ14, som spelar i b-sluttspelet, vann 3-0 mot Ørskog. Det betyr kvartfinale klokka 08.55 i morgon på Valle Hovin. Motstandaren er enno ikkje klar.
** Vi ønskjer alle Hareid-laga lykke til. Send gjerne inn bilete og rapportar til hareidsida@gmail.com.

28.07. NORWAY CUP: RESULTATA TYSDAG OG OPPSETT FOR ONSDAGENS KAMPAR

* Endeleg ein opptur for SMJ14, som vann 4-1 mot IL Valder. Dermed tredjeplass på hareidsjentene. Hareid spelar 1/16-finale i b-sluttspelet mot Follese onsdag klokka 11.40. Bane: VE2 (Valle Hovin). 
* Etter to kalassigrar fekk G16 seg ein skikkeleg vekkar då det i dag vart 3-2-tap mot Askvoll og Holmedal (AHIL) i dag. William Valde Bigset og Håvard Øvrelid scora måla for dette Hareid-laget, som uansett får spele a-sluttspel. 1/32-finalen går mot Ørskog/Stordal klokka 11.40 onsdag. Bane: FE4 (Furuset).
* SMG14 vann si gruppe etter deira tredje strake siger i dag. Det vart 2-1-siger etter ein svak 2. omgang mot Sund SK. Kim A. Alvestad og Bendik Engen scora for Hareid. Hareid spelar 1/16-finale mot Sandane (STIL) klokka 16.35. Bane: BE5 (Bjølsen). 
* Uansett; lykke til med kampane i sluttspelet - som vi reknar med går live på facebookprofilen - takka vere tilskodarar som Gry Håbakk Rise, Sindre Breivik og Lena Kathrin Hansen.
* PS. Send gjerne inn foto til hareidsida@gmail.com.

27.07. NORWAY CUP: HAREID IL SINE KAMPAR DAG 3 (TYSDAG)

* G16 møter AHIL (Askvoll og Holmedal IL) på bane VE5 (Valle Hovin) klokka 09.55. Rein gruppefinale (Hareid vinn med uavgjort).
* SMG14 møter Sund på bane E13 (Ekeberg) klokka 16.40. Her gjeld det berre for Hareid å unngå stortap.
* SMJ14 møter IL Valder på bane VE3 (Valle Hovin) klokka 13.00. Her gjeld det for Hareid å vinne for å ta tredjeplassen i gruppa.
** Vi ønskjer Hareid-laga lykke til i morgon. Girri girri!
** PS. Hugs å sende inn foto til hareidsida@gmail.com.

27.07. NORWAY CUP DAG 2: TO KLARE SIGRAR OG EITT TAP, SOM I GÅR

* SMJ14 tapte også 4-1 i dag, denne gongen mot Nordhordaland United. Dermed blir det b-sluttspel på jentene. Kor vidt det blir tredje- eller fjerdeplass i den innleiande gruppa blir avgjort mot Valder i morgon (Valder har eitt poeng på første to).
* SMG14 vann 4-0 mot Ullern Hvit. Dermed er Hareid i realiteten klare for a-sluttspelet. Hareid må tape med mange mål i morgon, samtidig som Ullern slår Indrefjord klart, om det ikkje skal bli minst andreplass i gruppa. 
* G16 vann heile 16-0 mot Rustad. Hareid er klare for a-sluttspelet. Morgondagens kamp mot AHIL avgjer kven som vinn gruppa (Hareid har 29-1 i målforskjell, AHIL 20-0.)

26.07. NORWAY CUP DAG 1: TO SIGRAR OG EITT TAP

* SMG14 opna med 6-0-siger mot Indrefjord frå Finnmark. Stillinga til pause var 5-0. Andreas Nesset jr. scora halvparten av Hareid-måla.
* G16 vann heile 13-1 mot Bergen Nord II. William Valde Bigset scora fem av måla.
* SMJ14 tapte dessverre 4-1 mot Medkila.
** Info om morgondagens kampar kjem seinare i kveld.

26.06. UNGDOMSFOTBALL: AVDELINGSOPPSETT FOR HAUSTEN

Oppsettet finn du her. Hareid G16 er ikkje med her, sidan dei spelar i 1.-divisjon heile sesongen. Elles ser vi at Hareid har med sju ungdomslag i haust, kontra seks i vår. Dette fordi Hareid stiller lag både i SMJ13 og SMJ14 (begge sjuar) til hausten (i staden for niar i SMJ14). Vi gratulerer forresten J16 med eit sterkt opprykk til 1.-divisjon frå vår til haust. Trenar Venthan Ketheeswaran kjem med eit referat frå vårsesongen deira om ikkje så lenge. PS. Hareid SMG14, som vann 1.-divisjon vår som niarlag i 11-arklassen, får ikkje stille 9-arlag i denne avdelinga i haust. Dermed hamnar dei i 1.-divisjon niar.

19.06. STERK BORTESIGER TIL HAREID G16

Guttelaget vann i kveld 5-1 borte mot Langevåg, etter mål av Håvard Øvrelid (3), Iv og William Valde Bigset. Hareid har sparka bra frå seg i 1.-divisjonscomebacket i vår og vunne fire kampar. La oss håpe det kjem fleire i haust. Men først er det Norway Cup som står på programmet, der Hareid IL er regjerande sølvvinnarar i klasse G16.

11.06. JUBELDAG FOR HAREID IL

Målscorarane Ludmila Dunaeva, Kethleen Lorenzo (bb) og Lovise Yri.
Målscorarane Ludmila Dunaeva, Kethleen Lorenzo (bb) og Lovise Yri.

* Hareid sitt gutelag (G16) vann heile 9-1 heime mot Aalesund i 1.-divisjon. Målscorarar for Hareid var Håvard Øvrelid (3), Isak Kristoffersen (2), William Valde Bigset (2) og Ovar Hatløy (2). - Ein god kamp mot eit ungt AaFK-lag, kommenterer trenar Benjamin Slettebakk. Tabell.
* Hareid sitt jentelag (J16) vann 4-0 borte mot Hødd i Ulsmohallen. - Fantastisk innsats i dag. Denne kampen var alle jentene guruar. Eg er nøgd med alle, seier trenar Venthan Ketheeswaran i ein kommentar. Hareid ligg på tredjeplass i si våravdeling. Siste vårkamp går mot Sæbø neste veke.

01.06. KNAPT TAP FOR G16 LAURDAG

Bendik Engen sende Hareid opp i 1-0 borte mot Aksla, men det vart 2-1-tap i G16 1.-divisjon.

16.05. FREDAG: STORTAP FOR G16, STORSIGER TIL J16

* G16 hadde fått ei god opning på sesongen i 1.-divisjon, men gjekk på ein smell fredag då det vart 9-2-tap borte mot Blindheim. Ifølgje trenar Benjamin Slettebakk var det lite som stemte denne kampen. Laget fekk også fleire skadar.
* Betre gjekk det for J16, som vann 12-5 borte mot Sæbø femmar. Trenar Fredrik Andresen meinte det var ein solid kamp, sjølv om nokre av baklengsmåla burde vore unngått. J16 har tre sigrar og to tap så langt i år.

12.05. EIT BLIKK PÅ G16 1.-divisjon

Talentfulle Sigve Overå Hide er keeper for Hareid G16 i år. Han har også stått kampar for juniorlaget og Hareid 2, samt to innhopp for a-laget i treningskampar.
Talentfulle Sigve Overå Hide er keeper for Hareid G16 i år. Han har også stått kampar for juniorlaget og Hareid 2, samt to innhopp for a-laget i treningskampar.

Kan Hareid kjempe om KM-medalje?

08.05. NY SIGER TIL G16 i 1.-divisjon

Hareid - Volda 7-0! Håvard Øvrelid 5, Håvard Mork Breivik 1, Iv 1. Dermed to sigrar på rad til Hareid i 1.-divisjon.

30.04. G16 1.-divisjON: SIGEREN KOM PÅ TREDJE FORSØK

Ørsta - Hareid 0-2. Mål av Isak Kristoffersen og Håvard Øvrelid. Sterk bortesiger til Hareid.

27.04. KNAPT TAP FOR HAREID G16 MOT HERD

Heller ikkje laurdag lukkast Hareid G16 å vinne, nok ein gong vart det eit knapt tap i 1.-divisjon. Laurdag 3-2 borte mot Herd. Isak Kristoffersen og Håvard Øvrelid scora for Hareid. Hareid har no gjort unna to av dei beste laga i divisjonen (Hødd og Herd), så vi satsar på poengplukkinga er like rundt hjørnet.

17.04. 1.-divisjon G16: HAREID TAPTE 4-2 MOT HØDD
Hovudtrenar for guttelaget er i år som i fjor og året før Benjamin Slettebakk.
Hovudtrenar for guttelaget er i år som i fjor og året før Benjamin Slettebakk.

Tapet var av det heiderlege slaget. Hareid var best i starten og kunne fort ha leia både 2-0 og 3-0. Men så dabba heimelaget av og Hødd scora to før pause. I 2. omgang, som altså enda 2-2, scora Nathaniel Brekke og Isak Kristoffersen for Hareid. Vi merkar oss at Hareid nytta fleire smågutespelarar, blant anna ein som fyller 13 år i år (Andreas Nesset jr.), så det lovar bra for framtida. 

Forhånd.123456...12Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR