Skriv ut

26.10. STERKT AV G16: SLO AALESUND 4-0

August Julian Brandal (biletet) scora tre mål mot AaFK, medan William valde Bigset scora eitt.
August Julian Brandal (biletet) scora tre mål mot AaFK, medan William valde Bigset scora eitt.

Hareid sitt gutelag spelte tysdag kveld omkamp mot Aalesund i 1.-divisjon. Tidlegare i haust tapte Hareid 1-0 mot dette laget. Men dommaren innrømte at ho gjorde ein så stor brølar at det hadde direkte konsekvens for kamputfallet. Derfor vart kampen spelt på nytt. Og resultatmessig gjekk det veldig bra: 4-0 til Hareid. G16 har igjen éin kamp på terminlista - mot Ørsta. Per i dag er det usikkert om og når denne blir spelt. Det kan bli neste veke. Til helga skal Hareid G16 på Dahle-cup.