Skriv ut

30.09. FOTO: GUTEKAMP HAREID - EMBLEM (3-1)

Hareid spelte ein god kamp og vann fortent 3-1 mot Emblem i 1.-divisjon fredag kveld. Emblem var rett nok i periodar godt på høgde, og det vart spennande då dei reduserte til 2-1 mot slutten av 2. omgang. Då hadde Hareid også ei redning på strek. Men mot slutten av kampen heldt Hareid hovuda rolegast. Ei sein scoring sørgja for 3-1, medan Emblem fekk ei stor mengde kort, også eit raudt. Det siste minuttet vart det faktisk spel 11 mot 9. Hareid sine målscorarar var alle forsvarsspelarar; Tarje Dimmen Riise, Even Årsborg Bjåstad og Henrik Holstad. Bra jobba!