Skriv ut

04.08. NORWAY CUP DAG 5 HELD FRAM: G16 UTE, SMJ14 TIL SEMIFINALE!

* I sin andre kamp i dag vann Hareid SMJ14 3-0 mot Oppegård i kvartfinalen i a-sluttspelet. Dermed blir dei det første jentelaget frå Hareid som når ein semifinale i eit a-sluttspel i verdas største fotballturnering. Gratulerer så mykje! Semifinalen går allereie i kveld, klokka 21.10, på Ekeberg. Lykke til!
* G16 II rauk ut i kvartfinalen i a-sluttspelet i ettermiddag. Motstandar var Tjørvåg. Etter at stillinga var 0-0 halvvegs kollapsa Hareid i 2. omgang. Tjørvåg vann 4-1, etter at Hareid også hadde fått utvist ein spelar. Sjølvsagt svært surt å avslutte ei elles god turnering på ein heller dårleg måte, men vi skal hugse at laget også har vist mykje bra i Oslo denne veka. Bra jobba!