hareid_il_logo_135.png









 

29.11. 33 SPELARAR MØTTE TIL OPPSTARTSMØTE FOR G16 OG JUNIOR

Fredrik Andresen.
Fredrik Andresen.

Det vart i dag (tysdag) halde felles spelarmøte for G16 og junior 2017. Med i alle fall fire-fem som grunna sjukdom eller anna ikkje møtte, ser vi at det er eit potensial på nærare 40 spelarar i desse aldersgruppene komande sesong.

Etter møtet på om lag ein halvtime vart det gjennomført treningar på kunstgrasbana, der målet først og fremst var at dei nye trenarane fekk bli litt kjende med spelarane. For i begge gruppene er så godt som heile trenarteama nye.

Teamet for junior ser slik ut:

Trenar: Kim-Tore Husøy
Hjelpetrenar: Anders Mork
Hjelpetrenar: Ulrich Kurseth
Lagleiar: ?

Som vi ser er dette eit både rutinert og ungt team. Husøy har tidlegare trena både smågute-, gute- og juniorlag i Hareid. Mork har trena stort sett det som er av lag i fotballgruppa, og er no gledeleg nok tilbake etter å hatt pause nokre år. Begge har også spelt mange sesongar på a-laget til Hareid. Kurseth skal ha ei rolle der han skal vere med på treningar til både gute- og junior, for å få samarbeidet mellom laga til å bli best mogleg.

Teamet for G16 ser slik ut:

Trenar: Fredrik Andresen
Hjelpetrenar: Venthan Ketheeswaran
Hjelpetrenar: Bjørnar Veddegjerde
Hjelpetrenar: Ulrich Kurseth
Lagleiar: Åge Karlsen
Hjelpe-lagleiar: Peter Liavåg

Også her har vi ein mix av rutine og meir yngre krefter. Ketheeswaran har trena dame- og jentelag i to og ein halv sesong. Andresen har gjort det same eitt år tidlegare. Begge desse spelar også på Hareid sitt a-lag i fotball. Veddegjerde har også vore med som trenar i aldersbestemt avdeling tidlegare, men er truleg mest kjent for å ha scora fleire hundre mål for Flø IL. 

*

No håper vi på god treningsvilje i begge gruppene framover mot kvaliken neste år. Sidan det alltids brukar å vere eksamenar, juleball og anna å ta omsyn til i desember, vil begge gruppene i utgangspunktet ha to treningar i veka fram til jul. På desse treningane kan alle prøve seg. Etter nyttår startar oppkøyringa for fullt. 

Det er viktig at alle aktuelle blir medlemmar i facebookgruppene til laga, slik at ein får halde seg oppdatert på treningstider og anna. Lykke til! 

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR