hareid_il_logo_135.png









 

28.11. HAREID MED FORNYA SATSING PÅ JUNIORGENERASJONEN (NB. HUGS SPELARMØTE FOR JUNIOR OG G16 PÅ HUS TYSDAG 18.00)

Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.
Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.

Med Kim-Tore Husøy tilbake som trenar slår Hareid IL Fotball til med ei fornya satsing på juniorfotballen i klubben.

Hareid har hatt få juniorspelarar siste åra og slite med å stille lag. Men no kjem ein breiare og ikkje minst veldig lovande generasjon opp. Hareid IL Fotball signaliserer derfor ei auka satsing på denne aldersgruppa i 2017.

I spissen står Kim-Tore Husøy. Han er kjent for mange som ein målfarleg spiss eller midtbanespelar for Hareid. Men etter å ha sikra Hareid plass i den nye 4.-divisjonen i haust, har Husøy valt å legge opp eller i alle fall trappe ned, og i staden stilt seg disponibel som trenar for klubben. Husøy, med 313 kampar og 161 mål for Hareid, har tidlegare trena både smågute-, gute- og juniorlag i Hareid.

Husøy blir ikkje den einaste trenaren for laget. Resten av teamet blir presentert på eit spelarmøte på Hareid ungdomsskule tysdag 29. november klokka 18.00.

Det same blir trenarapparatet for G16. Dette Hareid-laget har hatt ein god sesong i 2016, med mellom anna fjerdeplass i 1.-divisjon 11-ar. Stig Andor Engen, som har vore hovudtrenar for dette laget i år, tek no ein pause frå trenargjerninga. Hareid IL Fotball takkar han så mykje for innsatsen.

Også i 2017 vil Hareid satse på å ha eit godt gutelag. Meir om dette vil bli presentert på spelarmøtet tysdag.

*

Hareid har også hatt god utvikling på jentesida dei siste åra. I år tok J16 KM-medalje i sjuarfotball, og SMJ14 (som tok bronse i Norway Cup), var nær ved å gjere det same. For sesongen 2017 blir Bård Grimstad hovudtrenar for J16. Grimstad har hatt ei rekkje verv i Hareid-fotballen gjennom mange år, først og fremst trenarverv. Og Hareid IL Fotball er glad for å ha med han vidare. Hjelpetrenar blir Trine Årsbog.

*

Når det gjeld damelaget, er ei løysing truleg ikkje veldig langt unna.

På herresida gav Einar Magne Skeide for ei god veke sidan beskjed om at han ikkje blir med i 2017. Sportsleg utval har sidan jobba med å sjå på ei ny løysing for laget. Det er venta at eit nytt trenarteam er på plass medio desember.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR