hareid_il_logo_135.png









 

13.11. BITTERT FOR HAREID G15 i "FUTSAL-CUP" I SULAHALLEN

August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.
August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.

Medan J16 rauk ut i mellomspelet, tok G16 seg vidare frå dette stadiet etter 2-1 mot Stranda og 3-0 mot Hødd.

I kvartfinalen venta Langevåg III, og då vann Hareid 1-0 etter scoring av Bendik August Engen.

I semifinalen var Hødd (igjen) motstandar. Denne gongen vart det jamnare. Toppscorar August Julian Brandal sende Hareid i leiinga, men Hødd utlikna ved Tobias Pettersen. 1-1 stod seg heile vegen ut, heilt til det måtte straffesparkkonkurranse for å skilje laga.

Dessverre gjekk Hødd sigrande ut av den.

Uansett bra jobba av Hareid. Det vart ikkje spelt bronsefinale, så det vart delt bronse på Hareid-karane. Bronse vart det forresten også då same gjengen deltok i Dahle-cup for 14 dagar sidan.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR