hareid_il_logo_135.png









 

11.11. KLART FOR INNE-KM ("FUTSAL-CUP")

Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.
Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.

Hareid har gode tradisjonar for innefotball, og kan vise til krinsmeisterskap både med den gode gamle filtballen, og den meir nymotens futsalen. Sist KM-tittel kom på nyåret 2015 då SMG13 vart krinsmeistrar. (Forresten er vi usikre på om årets konsept blir rekna som KM eller ei. Turneringane i år blir kalla "futsal-cup"). Korleis det går i år står igjen å sjå. I alle tilfelle er det G15 og J16 som skal forsvare Hareids ære denne helga.

* G15 spelar i Sulahallen. Gruppekampane går laurdag. Hareid har hamna i gruppe med MSIL Hvit, Rollon og Langevåg 2. Livescore.

* J16 spelar i Brattvåghallen. Gruppekampane går laurdag. Hareid har hamna i pulje med Ravn Rød, Volda 1 og FK Sykkylven Hvit. Livescore.

Vi ønskjer begge laga lykke til!

Send gjerne inn foto og rapportar til hareidsida@gmail.com

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR