hareid_il_logo_135.png









 

02.09. Gutar 9 år på miniturnering

Framme frå venstre: Magnus Teige, Jena Thas, Noah Indreflø Elvanes. Bak frå venstre: Vibusan Premakumar, Julian Varhaug, Christian Mork Breivik og Jørgen Drevland.
Framme frå venstre: Magnus Teige, Jena Thas, Noah Indreflø Elvanes. Bak frå venstre: Vibusan Premakumar, Julian Varhaug, Christian Mork Breivik og Jørgen Drevland.

Hareid sine gutar 9 år var søndag ettermiddag på miniturnering hos Hødd i Ulsmohallen. Ein kan vere glad for at turneringa gjekk innandørs, for det regna kraftig heile ettermiddagen.

Denne gongen var Hareid sitt lag satt opp, berre mot Høddlag, Gul, Svart og Blå. Vi kan vel seie vi fekk kvalifisert motstand, men gutane heldt oppe humøret og jobba iherdig i alle tre kampane.

Vi ser at det må meir trening til for å verte betre, både teknisk og når det gjeld speleforståing. Likevel, dette var den første turneringa vår på ei stund, så vi kjem nok sterkare etterkvart.

Det er ny turnering om 2 veker, så til då får vi trene hardt og vere konsentrerte på trening.

Flott arrangement av Hødd, som utan tvil har fått eit fortrinn av å ha ein slik flott innandørshall, når vi veit kva ver vi alltid har på våre kantar.

Sportsleg helsing Sindre Breivik, Trenar G9.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR