hareid_il_logo_135.png









 

24.01. A-laget: Oppdatert oversikt over treningskampar

Hareid og Langevåg møtte kvarandre fire gonger i 2011; to i serien, ein gong i Hareid Group Sommarcup og ein i Hareid Group Vintercup. Her frå sommarcupkampen, som Hareid vann 1-0. Her er det spelande Langevåg-trenar Viglundur Pall Einarsson som ruvar i lufta.
Hareid og Langevåg møtte kvarandre fire gonger i 2011; to i serien, ein gong i Hareid Group Sommarcup og ein i Hareid Group Vintercup. Her frå sommarcupkampen, som Hareid vann 1-0. Her er det spelande Langevåg-trenar Viglundur Pall Einarsson som ruvar i lufta.

I høve tidlegare oppsett vi har lagt ut møter vi også Langevåg i februar. Det betyr to treningskampar i januar, tre i februar og fem i mars (av dei tre i Hareid Group Vintercup). Til saman ti oppkøyringskampar.

|

21.01. A-laget: Vekeplan for kommande veke

Måndag: Trening 19.30, Hareid
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen
Torsdag: Treningskamp heime mot ÅVK (start 19.30)
Fredag eller laurdag: Trening, spelarane får bestemme kva dag.

Minner også om juniortreninga søndag (22.01) klokka 19.00 i Hareidhallen, og onsdag klokka 18.00 ute. Juniorlaget startar kvaliken med kamp mot Herd neste laurdag.

18.01. A-trening fredag

Den siste aktiviteten for a-laget denne veka er trening på Hareid klokka 17.30 fredag. Hugs å melde inn eventuelle forfall til BW.

15.01. Vekeplan for a-laget

Måndag: Trening på Hareid, 19.30
Tysdag: Trening i Ulsmohallen, 20.30
Onsdag: Treningskamp borte mot Bergsøy
Fredag: Trening. Tidspunkt kjem seinare.

Hugs å melde inn eventuelle forfall til BW. Om det er nokon som ikkje kan spele mot Bergsøy må han ha beskjed med ein gong. 

08.01. Kommande veke for a-laget

Måndag: Trening 19.30, Hareid
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen (møt ferdigskifta)
(Onsdag: A-lagsjuniorane skal på juniortrening 18.00)
Torsdag: Trening 18.00, Hareid
Laurdag: Trening 12.00, Hareid

Hugs å ta med sko til både utefotball, innefotball og jogging. Ein veit aldri med veret. Hugs også å melde inn eventuelle forfall til BW. 

04.01. A-laget: Møter også Eid

I fjor var Martinus Røyset Bakken Hødd-spelar. I haust var han tilbake i Hareid som juniorspelar. No er Bakken klar for å satse på a-laget, og verka i bra slag på tysdagens trening i Ulsmohallen.
I fjor var Martinus Røyset Bakken Hødd-spelar. I haust var han tilbake i Hareid som juniorspelar. No er Bakken klar for å satse på a-laget, og verka i bra slag på tysdagens trening i Ulsmohallen.

I tillegg til oversikta over treningskampar som vart lagt ut i går, blir det også heimekamp mot 3.-divisjonslaget Eid. Vi skulle ha møtt Eid i fjor vinter, men dei måtte til slutt avlyse kampen mot oss. Treningskampen mot Eid blir den nest siste før alvoret startar. Sist Hareid og Eid møtte kvarandre var i oppkøyringa før 2008-sesongen. Då enda det 5-5. Oppdatert oversikt -->

|

03.01. A-laget: Variert program i sesongoppkøyringa

Joachim Moldskred mot Skodjes Eirik Nesset Hjelvik på Hareidsmyrane stadion i 2011.
Joachim Moldskred mot Skodjes Eirik Nesset Hjelvik på Hareidsmyrane stadion i 2011.

I oppkøyringa skal Hareid møte lag frå både 3.-divisjon, 4.-divisjon og eitt lag frå 5.-divisjon. 

|

01.01. A-laget: Sesongoppkøyringa er utsett éin dag

Vi har tidlegare meldt at a-lagets sesongoppkøyring startar måndag 2. januar. Men for å få alle på plass til å starte oppkøyringa med stil, er det no bestemt at årets første trening går tysdag 3. januar. Som alle tysdagstreningar i januar og februar vil denne gå i Ulsmohallen klokka 20.30. Vi leiger ikkje garderobeplass, så møt ferdigskifta.

Vidare blir det denne veka treningar på Hareid torsdag klokka 18.00 og laurdag klokka 12.00. Alle a-lagsjuniorar må også møte på spelarmøte (+trening) for juniorlaget onsdag. Nærare beskjed om det møtet kjem måndag her på sida.

22.12. Her er heile utkastet til speleplan i 3.-divisjon

Hareid er sett opp med bortekamp mot Volda 15. juni. Her frå ein kamp mellom laga i 2010. Som vi ser har Tore Johan Ytre-Hauge og Vagn Scheide Mork funne tonen fremst i Hareid-rekkja her. Vidare er spelarane i raudt Steffen Uldbæk, Georg Rise Gaasø, Håkon Orten Trovåg og Tore Bjørge Mjønes.
Hareid er sett opp med bortekamp mot Volda 15. juni. Her frå ein kamp mellom laga i 2010. Som vi ser har Tore Johan Ytre-Hauge og Vagn Scheide Mork funne tonen fremst i Hareid-rekkja her. Vidare er spelarane i raudt Steffen Uldbæk, Georg Rise Gaasø, Håkon Orten Trovåg og Tore Bjørge Mjønes.

På vedlagt skriv finn du utkastet til speleplan i 3.-divisjon. Endeleg oppsett blir banka på terminlistemøtet 12. januar. Det er svært viktig at alle a-lagsspelarar no går gjennom oppsettet, og gir lyd dersom det er datoar som kolliderer med eitt eller anna. Som det står i merknadane under oppsettet har vi alt sendt eit par førespurnader om flyttingar for å sleppe kampar i fellesferien. 

Speleplan_for_Hareid_i_3.-divisjon.doc

15.12. Vaktliste for a-lagsspelarane under Grendacupen

Joachim Røyset som linjevakt under Grendacupen i 2009.
Joachim Røyset som linjevakt under Grendacupen i 2009.

Det trengst mange personar for å avvikle ei så stor turnering som Grendacupen. Ikkje minst no som turneringa tel 10 fleire lag enn i fjor. Grendacupen har eit eige styre som bidreg mykje. Det same gjer dei fleste i fotballstyret. Og andre eldsjeler som Per Inia Brekke, Ovar Hatløy, Anders Hjelle Øiestad, Ulf Hansrud med fleire har også takka ja til å bidra. I tillegg må a-lagsspelarane hjelpe til. Trykk deg vidare for å sjå vaktlista.

|

12.12. A-laget skal trene i Ulsmohallen

Ein av desse skal ifølgje seg sjølv gått ned fem kilo sidan sesongslutt. Kven kan det vere? Send inn svar til hareidsida@gmail.com.
Ein av desse skal ifølgje seg sjølv gått ned fem kilo sidan sesongslutt. Kven kan det vere? Send inn svar til hareidsida@gmail.com.

Nytt av sesongen 2012 er at a-laget skal trene i Ulsmohallen (i Ulsteinvik) i vintermånedane. Det er stor pågang om treningstidene der ute, men Per Arve Moldskred i IL Hødd klarte å skaffe oss ei tid tysdagskvelden. Takk til Moldskred for den tenesta. Det positive med denne løysinga er at om det skulle bli dårlege tilhøve så får vi i alle fall éi trening i veka under tak på kunstgras. Etter alt å døme blir treningsveka slik for a-laget frå og med 2. januar:

Måndag: Trening 19.30, Hareidsmyrane
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen (møt ferdigskifta)
(Onsdag: A-lagsjuniorane skal på juniortrening)
Torsdag: Trening 18.00, Hareidsmyrane
Laurdag: Trening 12.00, Hareidsmyrane

PS 1. Det kan også vere ei moglegheit for å nytte Hareidhallen éin gong i veka om tilhøva skulle bli for dårlege, men la oss håpe på ein mild vinter. Ski og vinter er det nok av TV...:-) 
PS 2. A-laget har igjen to (frivillige) treningar før jul. I dag (12.12) og neste måndag. Det har vore god oppslutning på desse treningane, så no gjeld det å avslutte med stil før jula. Då er det som kjent lov til å ete det ein vil, og lage seg eit "godt" utgangspunkt før innveginga 2. januar.

30.11. Hugs kick off-møte for a-laget

Her ser vi eit avisutklipp om Hareid si målsetjing i 1985. Hareid gjorde ein god sesong i 2011, men kan vi bli endå betre i 2012?
Her ser vi eit avisutklipp om Hareid si målsetjing i 1985. Hareid gjorde ein god sesong i 2011, men kan vi bli endå betre i 2012?

Når: Måndag førstkommande (5. desember) klokka 20.00
Varigheit: Til ca. 21.00. Då blir det innetrening i hallen for dei som vil.
Kvar: Klubbhuset
For kven: Alle som veit dei skal spele for Hareid neste år og alle som kan vere interesserte i å spele for Hareid neste år. 

Agenda:
* Styret om det praktiske opplegget for 2012.
* Treningsdagar og treningsopplegg i vinter.
* Oversikt over spelarstall.
* Hareid 2?
* Diskusjon/eventuelt

Vel møtt. Sidan det er trening rett etterpå blir det ikkje mat, men det blir servert kaffi etc.

25.11. A-lagssida under oppussing

Vi har omstrukturert litt i menyen til venstre her på Hareid-sida. No er vi i gang med å lage til ei litt meir annleis side for a-laget. Vi har mellom anna laga til kategoriar for treningsplanar og nyheiter. For spelarar som ikkje orkar å lese alle agurknyheitene vi legg ut på framsida, og berre vil orientere seg om korleis treningsveka vil sjå ut - så legg vi ut treningsplanane i ei eiga mappe (dei kjem også på framsida). Vi samlar også opp artiklane om a-laget vårt i ei eiga mappe, slik at folk utanfrå som ikkje er interesserte i den alderbestemte fotballen kan klikke seg inn og lese relevant og mindre relevant info om a-laget vårt. 

24.11. Kick off for a-laget 5. desember

A-laget held kick off-møte før 2012-sesongen måndag 5. desember, truleg klokka 20.00 på klubbhuset (nærare beskjed vil bli gitt). Då blir det informasjon og diskusjon rundt opplegget for neste år. Alle som kan vere interesserte i å spele på a-laget neste år må møte.

Forhånd.123456
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR