hareid_il_logo_135.png









 

03.04. A-laget: Ikkje fellestrening i dag

Det er ikkje forhold til å få til ei fotballtrening i dag, så fellestreninga er avlyst. Svein Dag ber i staden alle om å ta seg ei økt på helsestudio eller ein joggetur for å halde det litt i gang. Vidare er det Mimrecup i Ulsteinhallen torsdag, og alle som har helse til å spele innefotball bør vere med der.

Neste fellestrening går laurdag klokka 12 eller 13. Då må alle som ikkje er på påskefjellet møte, slik vi får ei skikkeleg trening før Valder-kampen. Vi satar på at kunstgrasbana er grøn då. Nærare beskjed kjem.

27.03. Generalprøve for a-laget: Hareid - MSIL torsdag

Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Nikolai Røyset (30) og Ronny Jørgensen etter Husøy sitt 1-1-mål borte mot MSIL i fjor. Hareid vann den kampen 2-1, men tapte 2-1 heime i tredje siste runde.
Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Nikolai Røyset (30) og Ronny Jørgensen etter Husøy sitt 1-1-mål borte mot MSIL i fjor. Hareid vann den kampen 2-1, men tapte 2-1 heime i tredje siste runde.

Kampstart klokka 19.30. Dommar blir Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL.

Tropp og førehandsomtale er klar.

|

24.03. Treningsplan for a-laget fram til palmehelga

Måndag: Trening 19.00 (merk tida)
(Måndag 20.30: HIL2/JR-kamp heime mot LGFK 2. Dei frå a-stallen som spelar der er Georg RG + juniorane, minus LAF. Resten stiller på trening)
Tysdag: Trening 19.30
Torsdag: Heimekamp mot MSIL (generalprøve), kampstart 19.30

Treningsprogrammet for påska kan vi bestemme i fellesskap seinare.

NB. Bjørge blir vekke torsdag grunna gravferd på Sørlandet (bestemora til kona). Svein Dag leiar derfor laget. 

(PS. Dersom nokon vil trimme litt ekstra kan dei trene med HIL2/JR i morgon, altså søndag, klokka 16.00, og onsdag 19.30. Georg EO har alt sagt at han kjem).

20.03. A-laget: MSIL blir motstandar i generalprøva

Mogleg vi har nemnt det før, men Eiliv-Tore Howlid sine seks mål i heimekampen mot MSIL i 2000 er framleis klubbrekord. For tida er dessverre Eiliv langtidsskadd.
Mogleg vi har nemnt det før, men Eiliv-Tore Howlid sine seks mål i heimekampen mot MSIL i 2000 er framleis klubbrekord. For tida er dessverre Eiliv langtidsskadd.

Det lukkast ikkje lagleiinga å få inn ein 3.-divisjonskollega som motstandar i generalprøva før NM og seriestart. Derfor er vi svært nøgde med at MSIL har takka ja til å møte oss på Hareid torsdag 29. mars. Grøntrøyene frå Sula var det einaste laget som slo oss i fjor haust. Tapet mot MSIL kom etter smått utrulege ni strake triumfar i 4.-divisjon (klubbrekord). No er det tid for revansje - eller? 

Dette blir dei tre siste kampane til Hareid før seriestart heime mot Stranda 13. april:

* Laurdag 24. mars: Hareid - Eid
* Torsdag 29. mars: Hareid - MSIL
* Måndag 9. april: Valder - Hareid (NM) 

18.03. Treningsplan for a-laget kommande veke

Måndag: Trening 19.30
Tysdag: Trening 19.30
(Onsdag: HIL 2-kamp mot Hovdebygda, enkelte aktuelle for det?)
Torsdag: Trening 18.00
Laurdag: Treningskamp heime mot Eid (kampstart 14.00) 

Hugs å melde inn eventuelle forfall til BW.

15.03. Hareid-troppen til Ørsta-kampen laurdag

Målfeiring borte mot Ørsta i fjor. Husøy, Jørgensen og Ytre-Hauge (til høgre).
Målfeiring borte mot Ørsta i fjor. Husøy, Jørgensen og Ytre-Hauge (til høgre).

Her kjem troppen. Førehandsomtale seinare.

|

11.03. Treningsplan for a-laget og HIL2&jr kommande veke

Det kan sjå ut som at klasse 10C har hatt det artig med ein av a-lagsballane.
Det kan sjå ut som at klasse 10C har hatt det artig med ein av a-lagsballane.

A-laget:

Måndag: Trening 19.30
Tysdag: Trening 19.30
Torsdag: Trening 18.00
Laurdag: HGV-finale mot Ørsta. Kampstart truleg 15.00

NB. Alle treningane går på Hareid. Hugs også å vere med nøye med å melde inn eventuelle forfall.  

Hareid 2 & junior:

Måndag: Trening 19.30 (ute)
Onsdag: Trening 19.30 (ute)
Søndag: Treningskamp heime mot Kvamsøy. 

09.03. Hareid - Hødd 2 laurdag 

Joachim Moldskred mot Robin Hjelmeseth under ein treningskamp mellom Hareid og Hødd 2 vinteren 2010.
Joachim Moldskred mot Robin Hjelmeseth under ein treningskamp mellom Hareid og Hødd 2 vinteren 2010.

Kampen startar klokka 14.00. Troppen er klar.

|

04.03. Veka for a-laget

Vi har nettopp gjennomført ei bra veke trening- og kampmessig - og ei ny står for døra. Merk at det blir eit litt justert opplegg denne veka der tysdagstreninga går ut til fordel for at dei som treng kamptrening skal få det for HIL 2 onsdag.

Måndag: Trening 19.30
Onsdag: HIL 2-kamp mot Haddal med kampstart 19.30 heime. Tropp kjem måndag.
Torsdag: Trening 18.00
Laurdag: HGV-kamp mot Hødd 2. Tidspunkt kjem søndag kveld. Tropp torsdag.
 

28.02. A-laget: Hareid - ÅVK i Hareid Group Vintercup torsdag

Hareid (her ved Joachim Moldskred, Ole André Kragset og Tore Johan Ytre-Hauge) gjer seg klare til 1. runde i Hareid Group Vintercup. Må laget ut i straffekonk, som mot Åheim i fjor?
Hareid (her ved Joachim Moldskred, Ole André Kragset og Tore Johan Ytre-Hauge) gjer seg klare til 1. runde i Hareid Group Vintercup. Må laget ut i straffekonk, som mot Åheim i fjor?

Troppen er klar (så klar som han kan bli). Og vi har også skrive ein liten førehandsomtale.

|

25.02. Kommande veke for a-laget + HIL2&JR

Det blir ei lita endring i høve det vanlege opplegget for a-laget. I staden for måndagstrening låner vi juniorlaget si treningstid onsdag. Dette for å få ei godt besøkt økt med viktig formasjonsterping. Veka blir dermed slik:

Tysdag: Trening 20.30 (Ulsmo)
Onsdag: Trening 18.00. Formasjonsterping.
Torsdag: Kamp mot ÅVK i Hareid Group Vintercup. Kampstart 19.40 (tropp kjem onsdag).
Laurdag: Trening 12.00 

Hareid 2 & junior trenar felles måndag klokka 21.00 inne og onsdag klokka 19.00 (inne eller ute).

23.02. A-laget: Inga trening fredag

Det blir ikkje fleire fellestreningar for a-laget denne veka, sidan 2/3 av laget er vekkreist. Dei som er heime får ta seg ein joggetur:)

22.02. Langevåg - Hareid er AVLYST

Beklagelegvis må Hareid melde pass til å møte Langevåg denne veka. Vi prøvde først å flytte kampen frå torsdag til fredag. Det gjekk greitt med Langevåg, men utover torsdagen fekk vi endå eit par forfall slik at vi rett og slett ikkje kunne stille eit lag fredag heller. Det er veldig synd, spesielt sidan det var Langevåg vi skulle møte. Eit lag som titt og ofte stiller opp i våre turneringar. Så får lagleiaren ta litt sjølvkritikk for dårleg planlegging. Det var nemleg mange fleire enn venta som var på vinterferie denne veka. 

Dei a-lagsspelarane som er heime (og hospitantar) møter til trening torsdag 18.00 og fredag 19.30.

19.02. Vekeplan for a-laget

* Måndag: Trening 19.30, Hareid
* Tysdag: Trening 20.30, Ulsmo
* Torsdag: Treningskamp mot Langevåg. Avreise 18.00-ferja frå Hareid. Tropp kjem tysdag kveld.
* Deretter trening fredag eller laurdag. Blir bestemt torsdag.

Hugs å melde inn alle eventuelle forfall til BW. 

16.02. A-laget: Helgetreninga går fredag (i morgon)

Denne vekast fjerde aktivitet er ei vanleg trening fredag klokka 17.30. Dermed blir det frihelg frå fotballen for dei som det måtte ønske. Hugs å melde inn eventuelle forfall til BW. Hospitantane er hjarteleg velkomne til denne treninga.

11.02. A-laget: Treningsplan fram til neste kamp

Måndag: Trening 19.30, Hareid
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmo
Torsdag: Spelarmøte og deretter kamp heime mot Skodje. Oppmøte seinast 18.30.

Møteplikt på spelarmøtet for alle i stallen. Tropp til kampen kjem tysdag.

09.02. A-laget: Trening fredag

Det blir ikkje laurdagstrening, men fredagstrening for a-laget som siste økt denne veka. Treninga startar klokka 17.30. Det er svært viktig å melde forfall til BW om du ikkje kan komme.

08.02. A-laget: Først Skodje, så Langevåg

Georg Eikrem Olsen og Ronny Jørgensen borte mot Langevåg i fjor.
Georg Eikrem Olsen og Ronny Jørgensen borte mot Langevåg i fjor.

Det har tidlegare blitt meldt at Hareid skal møte både Langevåg og Skodje neste veke, men slik blir det ikkje. Torsdag 16. februar er Skodje motstandar og torsdagen etter (23. februar) er Langevåg motstandar. Skodje-kampen går på Hareid, medan vi for ein gongs skuld reiser til Langevåg for å møte dei i Sula. I utgangspunktet startar begge kampane 19.30, men det kjem vi nærare tilbake til. Etter desse to treningskampane står Hareid Group Vintercup på plakaten, før a-laget møter Valder og Eid før dei teljande kampane startar. 

03.02. A-laget: Treningsplan framover

Det er viktig å trene godt om vinteren. Det meiner (frå venstre) banemann Harald Aasen, hovudtrenar Bjørge Worren og hjelpetrenar Svein Dag Slettebakk.
Det er viktig å trene godt om vinteren. Det meiner (frå venstre) banemann Harald Aasen, hovudtrenar Bjørge Worren og hjelpetrenar Svein Dag Slettebakk.

Grunna vinterkvalik, ymse reiser og andre ting som opptek majoriteten av spelarane i helga, er a-laget si laurdagstrening avlyst. Neste veke blir det vanleg opplegg:

Måndag: Trening 19.30, Hareid
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen
Torsdag: Trening 18.00, Hareid
Laurdag: Trening 12.00, Hareid

PS. Då Marius Rise skulle forlate garderoben etter Vartdal-kampen, fann han berre den eine skoen sin. Det er snakk om ein grå Umbro-sko med korte knottar. Nokon som tok med seg ein ekstra sko heim etter kampen? Sjekk bagane.

26.01. Plan for a-laget kommande veke

Fredag (27.01): Trening 17.30, Hareid
Måndag: Trening 19.30, Hareid
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen
Torsdag: Treningskamp heime mot Vartdal (kampstart 19.30) 

Viktig å mobilisere no. Ingen vil vel tape 7-2 neste veke også. Meld inn eventuelle forfall til BW. Webredaksjonen blir i utlandet til onsdag, men vil legge ut tropp til torsdagens kamp ut på kvelden onsdag.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR