hareid_il_logo_135.png









 

16.10. A-laget: Spelarmøte torsdag 18.45

Sesongen er straks ferdig for Hiwa Alipoor og resten av Hareid a-lag. Men planlegginga av den neste er alt godt i gang.
Sesongen er straks ferdig for Hiwa Alipoor og resten av Hareid a-lag. Men planlegginga av den neste er alt godt i gang.

A-laget inviterer til spelarmøte torsdag førstkommande. Møtet startar presis klokka 18.45. Vi ber om at alle som har vore med i år, samt eventuelle nye og gamle interesserte spelarar møter. Sakliste:
* Treningsleir i Tyrkia eller anna land i 2013?
* A-lagstrenarar og støtteapparat 2013
* Treningsopplegg vidare

Vel møtt. Det blir trening så fort møtet er slutt. Sesongens siste økt, så vi håper alle stiller. Laurdag er det kamp mot SIF og årsfest. 

14.10. A-laget: Plan for a-laget veke 42

Så er det klart for den siste veka i utesesongen 2012. Merk at det blir a-trening måndag og ikkje tysdag.
Måndag: Trening 19.45
(Tysdag: Juniorkamp heime. GA kjem med info)
Torsdag: Trening 19.30
(Fredag: Juniorkamp borte. GA kjem med info)
Laurdag: Heimekamp mot SIF og deretter årsfest.

07.10. Plan for a-laget i sesongens nest siste veke

* Dei offisielle fellestreningane går tysdag og torsdag klokka 19.30.

* Bortekamp mot Herd laurdag.

* I tillegg kjem moglegens eit par innetreningar saman med HIL 2, men vi må vite om hallen er open denne veka før vi kan seie noko sikkert der.

* Det er ingen juniorkampar denne veka (men to neste veke).

Vel møtt til vekas aktivitetar.

01.10. Plan for a-laget denne veka

Måndag: Eigentrening
Tysdag: Trening 19.30 (Juniorkamp for enkelte. Sjekk melding frå GA)
(Onsdag: Truleg HIL 2&JR-trening. Informasjon kjem)
Torsdag: Trening 20.00 
Fredag: Fri
Laurdag: Heimekamp mot Volda.

Hugs å meld inn eventuelle forfall. Vel møtt.

25.09. Viktig beskjed til a-spelarane

Treninga i dag er flytta til klokka 20.00 og går på kunstgras. Dette grunna stengt grasbane.

Vel møtt.

23.09. Plan for a-laget veke 39

(Måndag: Juniorkamp for dei i junioralder. Heimebane, oppmøte 17.45)
Tysdag: Trening 17.30, gras.
(Onsdag: HIL 2-trening for dei som vil. Tid og stad kjem)
Torsdag: Trening 19.30, kunstgras.
Laurdag: Bortekamp mot Sunndal. Reiseinfo kjem seinare i veka.
(Søndag: HIL 2-kamp på Kvamsøya for dei som ikkje starta mot Sunndal).

19.09. Viktig beskjed til a-lagsspelarane

Torsdagens trening går klokka 19.30 på kunstgras. Siste økt før lokaloppgjeret mot Bergsøy laurdag. Eventuelle forfall meldast Vagn.

Vel møtt.

17.09. Viktig beskjed til a-spelarane

Tysdagens trening går klokka 19.30 på kunstgras.

Vel møtt.

16.09. Plan for a-laget veke 38

(Måndag: * Frivillig innetrening kl. 21 med HIL 2. * Juniorkamp for dei i junioralder. Sjekk melding frå GA.)
Tysdag: Trening 18.00, gras. Kan bli flytta til kunstgras 19.30.
(Onsdag: HIL 2-kamp for dei som ikkje starta mot Surnadal. EOT kjem med info.)
Torsdag: Trening 18.00, gras. Kan bli flytta til kunstgras 19.30
Laurdag: Heimekamp mot Bergsøy.
(Søndag: HIL 2-kamp. EOT kjem med info.)

12.09. Årsfesten for Hareid IL Fotball Senior

Ørjan Røyset (biletet) og resten av fotballstyret har i år lagt årsfesten til Hareid hotell.
Ørjan Røyset (biletet) og resten av fotballstyret har i år lagt årsfesten til Hareid hotell.

Den årlege fotballfesten for Hareid IL Fotball Senior blir i år halden på Hareid hotell 20. oktober i tidsrommet 19.00-23.00. Det vil seie same dag som a-laget avsluttar sesongen med heimekamp mot SIF. Meir info om årsfesten vil bli lagt ut på facebook, der aktuelle folk gjennom ein "event" kan svare på om dei deltek. Dei som ikkje er på facebook vil bli invitert munnleg seinare.

Det er altså mange treningar og kampar igjen før 20. oktober, men vi ber alle trenarar, spelarar og leiarar i seniorgruppa alt no merke seg datoen.

12.09. Obs! Endra treningstider for a-laget og HIL2-JR

Grunna mykje nedbør dei siste dagane ber vi spelarane på våre tre eldste lag på herrsida merke seg følgjande:
* Hareid 2 & JR trenar onsdag klokka 19.00 i Hareidhallen.
* A-laget trenar på kunstgras klokka 19.30 torsdag.
* A-kampen mot Surnadal laurdag er også flytta frå gras til kunstgras.
Vel møtt.

10.09. Viktig beskjed til a-lagsspelarane

Tysdagstreninga er flytta fram til klokka 17.30. Vel møtt.

09.09. Plan for a-laget veke 36

(Måndag: HIL 2-kamp for enkelte. Snakk med EOT)
Tysdag: Trening 18.30, gras. (Juniorkamp for enkelte. Beskjedar frå EOT & GA)
(Onsdag: HIL 2&JR-trening 18.00. Alle kan komme).

Torsdag: Trening 18.00, gras.
Laurdag: Heimekamp mot Surnadal.

05.09. To viktige beskjedar til a-spelarane

* I høve treninga torsdag 19.00 blir det først eit kjapt spelarmøte med info frå styret. Møt derfor opp seinast 18.55. Vel møtt.
* Avreise til Elnesvågen laurdag blir klokka 10.30 frå Hareid ferjekai. Vi tar buss. Det blir delt ut mat både oppover og nedover. Skade- og karantenesituasjonen gjer at alle i stallen må rekne med å bli med nordover. Endeleg tropp kjem etter treninga torsdag.

03.09. A-kampen går laurdag

Det har vore snakk om at bortekampen mot EOIL skulle bli flytta fram til torsdag, men no er det bestemt at kampen går som først oppsett laurdag. Kampstart er sett til klokka 14.00. Reiseinfo kjem onsdag eller torsdag. For eventuelt uvitande er Elnesvågen ei bygd i Fræna like utanfor Molde.

02.09. Viktig beskjed til a-spelarane

Neste trening går tysdag 17.00. I utgangspunktet skal vi spele bortekamp mot EOIL laurdag, men grunna ein potensiell stordugnad til helga kan kampen bli flytta fram til torsdag. Vi får svar frå EOIL måndag. Spelarane må inntil vidare halde av begge dagane. Om det blir kamp laurdag trenar vi torsdag 19.00.

24.08. Plan for a-laget veke 35

Måndag: HIL 2-kamp for dei som ikkje starta mot Brattvåg, Sunnylven B.
Tysdag: Trening 19.30, kunstgras. (Juniorkamp for enkelte. MSIL H)
Torsdag: Trening 17.00
Laurdag: Heimekamp mot Averøykameratene. 

Det er på tide med poeng mot eit lag nordpå, så gjer vel i å trene godt denne veka.

EOT kjem med info om HIL 2-kampen, GA om juniorkampen.

19.08. Plan for a-laget veke 34

Måndag: HIL 2-kamp for dei som ikkje starta mot Brattvåg, heime mot Haddal. Oppmøte 18.00.
Tysdag: Trening 17.30 (juniorkamp i Tjørvåg, Gunnar kjem med info)
Onsdag: Trening 19.00
Fredag: Bortekamp mot Brattvåg. Info kjem onsdag.

11.08. Plan for a-laget veke 33

Måndag: HIL 2-treningskamp. Dei som ikkje starta mot Dahle. Oppmøte 18.30
Tysdag: Trening 19.30
Onsdag: Trening 17.30
Fredag: Heimekamp mot LGFK

06.08. A-laget: Trening onsdag, bortekamp fredag

A-laget trenar onsdag 17.30. Fredag skal vi ut på tur igjen, denne gongen til Kristiansund for å møte Dahle. Info om denne turen har Kristian Angelsen lagt ut på facebooksida til a-laget (legg den ut her onsdag). Dei som ønskjer det kan også trene med HIL2&JR tysdag 18.00. Same treningsgruppe legg også opp til ei økt torsdag, men tidspunktet er ikkje klart enno.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR