Skriv ut

07.02. HØDD 2 NESTE FOR HAREID A

Vagn Scheide Mork, Einar Magne Skeide og Knut Helge Hovden.
Vagn Scheide Mork, Einar Magne Skeide og Knut Helge Hovden.

Onsdagskamp for Hareid komande veke.

Neste treningskamp for Hareid går borte mot Hødd 2 onsdag 10. februar klokka 20.00. Sist Hareid møtte dette laget var i mars 2014. Då vann Hødd 8-0 om vi hugsar rett. Så får vi sjå om det går betre denne gongen.

Vidare er dette dei resterande treningskampane for Hareid i vinter, om det ikkje kjem endringar: Borte mot Stryn laurdag 20. februar, heime mot Ørsta torsdag 25. februar, heime mot Volda torsdag 3. mars, heime mot Langevåg torsdag 17. mars, borte mot Rollon torsdag 23. mars, heime mot Træff laurdag 2. april og heime mot LGFK torsdag 5. april.