hareid_il_logo_135.png









 
17.02. A-laget: Valder neste
Christer Adrian Mork før kampen mot Bergsøy. Rykta vil ha det til at "Farfar" stod over måndagstreninga grunna ein strekk han fekk mot slutten av Bergsøy-kampen.
Christer Adrian Mork før kampen mot Bergsøy. Rykta vil ha det til at "Farfar" stod over måndagstreninga grunna ein strekk han fekk mot slutten av Bergsøy-kampen.

Etter å ha hatt kampfri heilt til 15. februar blir no kampaktiviteten intensevert fram til treningsleiren i Tyrkia 16. mars. Neste kamp går borte mot Valder torsdag førstkomande. Det blir ei effektiv reise der vi tek 17-båten frå Hareid og er heime klokka 21.00.

Webredaksjonen stakk ein tur innom kveldens trening. Av ting som er verdt å nemne og ikkje fullt så verdt å nemne registerte vi følgjande:
* A-laget har fått sju nye ballar. Farge: Oransje.
* Det hadde lagt seg eit lite snølag på bana.
* Fredrik Lonbakken er tilbake i trening etter hovudsmellen i første kvalifiseringskamp for juniorlaget. Dermed får Vagn Scheide Mork etterlengta konkurranse om keeperplassen.
* Per Ståle Nykrem møtte nok ein gong på trening. På tide å gjere comeback i kamp?
* Benjamin Reite, krinsmeister med Hareid i 2011, var tilbake på treningsfeltet. Men var det ein gjestevisitt?
* Ørjan Engen Grimstad var også med på treninga. Han er heime på vinterferie. Tidlegare i vinter prøvespelte Ørjan med Stjørdals-Blink, der han også spelte eit par kampar. Men nokon overgang til den klubben ser det ikkje ut til at det blir noko av. Det kunne uansett sjå ut som Ørjan hadde lagt igjen treningskleda sine i Trondheim, sidan han møtte opp i ein Hareid IL-treningsdress frå 1996/1997.
* Christer Adrian Mork skal visst nok ha stått over treninga grunna ein strekk han fekk mot slutten av Bergsøy-kampen laurdag.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR