hareid_il_logo_135.png









 

16.01. A-lAGET: TJØRVÅG I FØRSTE TRENINGSKAMP

Hareid-oppmann Kristan Angelsen.
Hareid-oppmann Kristan Angelsen.

- Treningskampane er no så og seie i boks, fortel Kristian Angelsen til Hareid-sida.

I første kamp, måndag 9. februar, spelar Hareid årets første treningskamp borte mot Tjørvåg. Dette er eit lag som normalt sett har møtt Hareid 2 siste åra, men laget frå Indre Herøy er no oppe i 5.-divisjon.

Elles er det i all hovudsak lag frå 4. og 5.-divisjon Hareid skal møte.

- Torsdag 19. februar kjem Vartdal hit, og torsdagen etter kjem Valder. Så skal vi mest truleg møte Volda borte måndag 2. mars. Torsdagen same veke kjem Rollon hit, seier Kristan Angelsen.

Torsdag 12. mars er det bortekamp mot LGFK, laget som aldri har slått Hareid verken i serie- eller treningskamp. 

Vonleg skal Hareid på treningsleir 18. til 25. mars. Etter den tid blir det generalprøvar mot Stryn og Skodje.

- Kanskje blir det også ein kamp mot Bergsøy i løpet av oppkøyringa, forklarer Angelsen, som var tilbake som hovudoppmann i vinter etter at Einar Orten Trovåg har hatt dette vervet ein del år. EOT måtte trappe ned grunna helseproblem.

Kristian Angelsen var også på terminlistemøte for 4.-divisjonslag i Ålesund torsdag. Meir om terminlista seinare.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR