hareid_il_logo_135.png

06.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 9: JOAR MØLLER

Slik ser Joar Møller ut seks veker før ein ny sesong. Møller debuterte forresten for a-laget i siste serierunde i 2003. Då tapte Hareid 9-0 borte mot Volda. Og denne veka tapte Hareid 7-0 mot Volda på heimebane. Men då gjekk Møller av bana i pausen - på stillinga 0-1. Noko å ta med seg det også.

I går presenterte vi ein av dei store Holemix-profilane. Så vi klinkar til med ein til i dag. Det er forresten snart ti år sidan Holemix sist vann Grendacupen, med gårsdagens profil Lars Roar Holstad og dagens profil Joar Møller som sentrale spelarar.

05.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 8: LARS ROAR HOLSTAD

Lars Roar Holstad er så langt den einaste av a-profilane som meiner det er meir enn nok med ei takning når han skal fotograferast. - Eg ser ikkje betre ut jo fleire bilete det blir tatt av meg, seier Lars Roar i ein kommentar, som truleg var adressert til ein del av dei som aldri vart nøgde med profilbileta sine.

I vår presentasjon av a-spelarane og støtteappratet har vi kome til profil nummer åtte. Og no var det igjen på tide med ein som har passert dei 30; Lars Roar Holstad. Han a-lagsdebuterte så tidleg som i år 2000, men har enno ikkje passert 100 kampar. Det kan han gjere noko med i år. I sitt etterlengta Hareid-comeback i fjor leverte Lars Roar ein overraskande bra sesong som stoppar. Men grunna for få spelte kampar kunne han ikkje vere med i kåringa av årets spelar.

05.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 7: FREDRIK ANDRESEN

Slik ser Fredrik Andresen ut før hans femte sesong som a-spelar i Hareid IL.
Slik ser Fredrik Andresen ut før hans femte sesong som a-spelar i Hareid IL.

I dag presenterer vi ein ung kar som likevel har vore med lenge. Fredrik Andresen fylte 21 år tidlegare i år, men nærmar seg 100 a-kampar. Og han har også passert 50 b-kampar.

04.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 6: HÅVARD KNUDSEN BJÅSTAD

Slik ser Håvard Knudsen Bjåstad ut før sin andre sesong som a-spelar.
Slik ser Håvard Knudsen Bjåstad ut før sin andre sesong som a-spelar.

Sidan det straks er helg tek presenterer vi ein ekstra profil i dag. Håvard Knudsen Bjåstad blir den fjerde av dei vi har presentert så langt som er første års junior eller yngre. I likskap med Sigve og Gustav fekk han a-debuten i fjor.

04.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 5: ROBIN JACKSON INDREFLØ

Slik ser Robin Jackson Indreflø ut seks veker før seriestart i 2016.
Slik ser Robin Jackson Indreflø ut seks veker før seriestart i 2016.

Etter to tenåringar og ein godt opp i 30-åra satsar vi i dag på ein profil i 20-åra. Robin Jackson Indreflø fekk sin a-lagdebut i 2006. Året før var han med på å vinne inne-KM med juniorlaget. Sett vekk frå nokre år i Bergen har Robin spelt i Hareid sidan han kom frå Hjørungavåg som smågutespelar.

03.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 4: GUSTAV BJØRLYKKE KLØVNING

Gustav Bjørlykke Kløving, som i periodar av fjorårssesongen var førsteval på høgrebacken.
Gustav Bjørlykke Kløving, som i periodar av fjorårssesongen var førsteval på høgrebacken.

Vår nedteljing til seriestart i 4.-divisjon 14. april held fram. Vi begynte med to unge karar, før vi i går presenterte den eldste i stallen. I dag er vi tilbake med ein ny ung spelar.

02.03. A-lAGSPROFIL NUMMER 3: EILIV-TORE HOWLID

Veteranen Eiliv-Tore Howlid. Han har også bak seg fleire år som trenar i fotballgruppa, samt medlem i fotballstyret. I år er Eiliv til og med leiar i fotballgruppa (det som før vart kalla "fotballformann").

I dei to første profilane presenterte vi to karar som begge var fødde i 1999. Her kjem ein som er 23 år eldre og dermed stallens eldstemann i år. Han kan ikkje akkurat kallast ein klubbnomade...

01.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 2: JON ANDRE SKARSHAUG

Slik ser Jon André "Mini-Kjellis" Skarshaug ut før seriestart i 2016.
Slik ser Jon André "Mini-Kjellis" Skarshaug ut før seriestart i 2016.

Som i går presenterer vi i dag ein lovande 99-modell frå eigne rekkjer. Jon André er ny i a-stallen framfor denne sesongen. Men mange vil sikkert hugse storebroren "Kjellis", som var a-spelar mellom 2003 og 2010, og vart kåra til beste spelar då Hareid junior vart krinsmeistrar innandørs i 2015.

29.02. A-lAGSPROFIL NUMMER 1: SIGVE OVERÅ HIDE

Slik ser Sigve ut framfor ssongen 2016.
Slik ser Sigve ut framfor ssongen 2016.

Vi tel ned til seriestart 14. april ved å presentere a-lagspelarane og støtteparratet til Hareid A i år. Først ut er den unge og lovande keeperen Sigve Overå Hide.

Forhånd.12
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR