Skriv ut

21.03. STØTTEAPPARAT-PROFIL NUMMER 2: EINAR MAGNE SKEIDE

Einar Magne Skeide er tilbake i Hareid IL etter ein pause på heile 30 år. Skeide var angripar på Hareid i det som no heiter 2.-divisjon i 1984 og 1985. I 1985 scora Skeide heile 30 mål, inkludert treningskampar.

Vi held fram med å presentere teamet rundt a-laget, altså trenarane og støtteapparatet elles. I dag presenterer vi ein av trenarane, Einar Magne Skeide.

Namn: Einar Magne Skeide
Fødselsår: 1960
Posisjon: Trenar
Tidlegare klubb: Hødd i ulike roller som trenar og Hødd og Hareid som spelar.
A-kampar og mål for Hareid etter 1985: 75-46
Yrke: Lærar i økonomifag og idrettsfag på Ulstein vidaregåande skule
Høgdepunkt. Som spelar: 3 mål mot Ham Kam borte i 1.-divisjon i 1992. Som trenar/spelarutviklar: NM gull med Hødd i 2012.
Favorittlag i Norge: Hødd og Hareid
Favorittlag i utlandet: Leeds
Favorittspelar i Norge: Tom Lund
Favorittspelar i utlandet: Peter Lorimer
Ser helst på tv: Sport og nyhende
Favorittmusikk: Pink Floyd
Favorittmat: Potetball
Favorittdrikke: Vatn
Favorittnettside: Hegnar Online
Slik gjer Hareid det i 2016: Betre enn i fjor