Skriv ut

18.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 22: HÅVARD ØVRELID

Slik ser Håvard Øvrelid ut før ein ny sesong. La oss håpe "Øvris" kjem seg tilbake på fotballbana så fort som mogleg.
Slik ser Håvard Øvrelid ut før ein ny sesong. La oss håpe "Øvris" kjem seg tilbake på fotballbana så fort som mogleg.

Håvard Øvrelid begynte å trene med a-laget allereie i 2013. Og han scora i a-lagsdebuten i ein treningskamp borte mot Valder i 2014. Men så forsvann han ut ei stund og heldt seg på gutelaget. Der gjorde han det veldig bra, ikkje minst under Norway Cup i 2015. I fjor haust gjorde Håvard comeback på a-laget, og viste der at han absolutt har noko på nivået å gjere. Men på ei av dei første treningane i år braut han dessverre eit bein i foten. Heldigvis kan "Øvris" vere på veg tilbake om allereie nokre få veker.

Namn: Håvard Øvrelid

Fødselsår: 1999

Posisjon: Spiss

Draktnr.: 20

Tidlegare klubbar: Hjørungavåg IL

A-kampar og mål for Hareid etter 2015: 13-4

Skule: 1. året UVS

Høgdepunkt i karriera: Norway Cup-gull med Hareid G16

Favorittlag i Norge: Hareid

Favorittlag i utlandet: Manchester United

Favorittspelar i Norge: Kinny Grewal

Favorittspelar i utlandet: Zlatan Ibrahimovic

Ser helst på TV: Premier Leauge og Fjorden Cowboys

Favorittmusikk: Alt fengande

Favorittmat: Kebab

Favorittdrikke: Cola

Favorittnettside: Facebook

Slik gjer hareid det i 2016: 5.-plass