Skriv ut

11.03. PRESENTASJON AV HIL2-3-STALLEN DEL 3

hil2_17.jpg

Her kjem dei fem neste spelarane.

Tidelgare:

* Del 1

* Del 2

***

15. Andreas Emdal Fure (f. 1995). Stoppar eller back. Høg og kompromisslaus type som er spesielt sterk i lufta. Gjorde comeback i fjor haust etter eit par års pause. Litt inn og ut av laget då, men bør spele seg inn i år. Potensielt kapteinsemne.

17. Fredrik Fagerli Abrahamsen (f. 1991). Angrep. Var nær uttak til landlaget då han var 15 år. Det er altså nokre år på sjøen sidan. Men når han er på land og er i trening er "Frefa" ein bra mann på dette nivået. Har scora i to treningskampar i vinter.

18. Emil Vartdal Hareide (f. 1995). Back eller kant. Har vore på døvelandslaget i futsal. Hadde ein bra vårsesong for Hareid 2 i fjor. Sleit med skadar om hausten. Fekk a-debuten i vinter. Er lett i kroppen og ganske målfarleg. 

22. Ben Buntu (f. 1995). Midtbane. Kom frå Tjørvåg IL i vinter. Har også trena med Hareid A. Har nokre få a-kampar for Bergsøy nokre år tilbake. Ben er både sterk i kroppen og bra teknisk. Blir ei stor forsterkning med om han presterer stabilt.

30. Odd-Magne Brandal (f. 1985). Forsvar. Har vore med HIL 2 sidan re-starten i 2012. Tidl. Brandal IL, Flø IL, Hjørungavåg IL og Sunnmøre Rugby. Hadde ein bra sesong som kaptein og fast stoppar i 2014. Mindre med i 2015 grunna mykje reising i jobbsamanheng. Har trena stabilt i vinter.