Skriv ut

05.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 8: LARS ROAR HOLSTAD

Lars Roar Holstad er så langt den einaste av a-profilane som meiner det er meir enn nok med ei takning når han skal fotograferast. - Eg ser ikkje betre ut jo fleire bilete det blir tatt av meg, seier Lars Roar i ein kommentar, som truleg var adressert til ein del av dei som aldri vart nøgde med profilbileta sine.

I vår presentasjon av a-spelarane og støtteappratet har vi kome til profil nummer åtte. Og no var det igjen på tide med ein som har passert dei 30; Lars Roar Holstad. Han a-lagsdebuterte så tidleg som i år 2000, men har enno ikkje passert 100 kampar. Det kan han gjere noko med i år. I sitt etterlengta Hareid-comeback i fjor leverte Lars Roar ein overraskande bra sesong som stoppar. Men grunna for få spelte kampar kunne han ikkje vere med i kåringa av årets spelar.

Namn: Lars Roar Holstad
Fødselsår: 1984
Posisjon: Der trenaren meinar eg gjer minst skade
Draktnummer: Eitt av nummera vi har i "XL-drakt"
Tidlegare klubbar: Hareid, Hødd, Djerv
A-kampar og mål for Hareid etter 2015: 86-21
Bustad: Holstad
Yrke/skule: Miljøterapeut
Høgdepunkt i karrieren så langt: Spele meg inn på Hareid sist sesong, mot alle kilo, etter seks sesongar vekke frå fotballen
Lavmål i karrieren så langt: Ikkje skore eit einaste mål i fjor!
Favorittlag i Noreg: Hareid IL
Favorittlag i utlandet: Tottenham Hotspur
Favorittspelar i Noreg: Eiliv-Tore Howlid
Favorittspelar i utlandet: Jürgen Klinsmann
Ser helst på TV: Tottenham-kamp, gode seriar
Favorittmusikk: Mykje forskjellig, frå Foo Fighters til Sigur Rós
Favorittmat: Kjøt! (helst raudt)
Favorittdrikke: Brønnvatnet her på Holstad
Favorittnettside: tottenhamhotspur.com
Slik gjer Hareid det i 2016: Betre enn i fjor