hareid_il_logo_135.png









 

24.03. A-LAGSPROFILANE: RESTEN AV STØTTEAPPARATET/TRENARTEAMET

vidarvoll.jpg

Vi har gjennom den siste månaden presentert 25 a-spelarar, inkludert hospitantar, samt tre personar frå støtteapparatet/trenarteamet. Her kjem dei tre siste frå det uvanleg solide apparatet rundt laget:

* Knut Helge Hovden. Materialforvaltar. Har bakgrunn som spelar og frå støtteapparatet til Brandal IL. Materialforvaltar for Hareid a-lag heilt sidan 2001-sesongen, då han tok over etter Håvard Røyset. Den småhissige karen frå Hovden er altså den store kontinuitetsberaren i dette støtteapparatet.

* Harald Møller. Hjelpetrenar. Har hatt mange forskjellige roller i Hareid IL opp gjennom åra, dei fleste knut til fotball. Har vore både hovudtrenar, hjelpetrenar og oppmann for a-laget, trenar i aldersbestemt avdeling, leiar i yngres, med meir. Har i år også ei svært sentral rolle rundt bygging av kunstgrasbanehall på Hareid. Som spelar var Harald back på Hareid på 80-talet nokre år. Men han har visst nok fleire hundre kampar for Ørsta IL.

* Vidar Vollsæter. Hjelpetrenar og lege. Har også hatt mange roller i idrettslaget. Blant anna leiar i Hareid IL i ca. 15 år, leiar i friidrettsgruppa, sjef for Nordvest maraton og fleire forskjellige verv i fotballgruppa. Sidan 2013 har Vidar vore hjelpetrenar og lege for a-laget. Var visst nok både spelar og dommar i Volda si fotballgruppe i sin ungdom. 

PS. Anders Hjelle Øiestad, som har vore hjelpeoppmann dei siste åra, er framleis i tenkeboksen på kor vidt han blir med i dette vervet denne sesongen. Ei avklaring er venta like over påske.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR