hareid_il_logo_135.png









 

19.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 25: RUBEN-KENNETH BRANDAL

Slik ser Ruben-Kenneth Brandal ut før sesongen 2016. Ruben debuterte for a-laget i 2006. Så spelte han fast i 2007 og 2008, før ferda gjekk vidare i Hødd. I Hødd fekk han mellom anna med seg eit NM-gull, men i 2014 og 2015 forsvann han meir og meir ut av laget. I år er Ruben tilbake i Hareid. Og det er svært gledeleg.
Slik ser Ruben-Kenneth Brandal ut før sesongen 2016. Ruben debuterte for a-laget i 2006. Så spelte han fast i 2007 og 2008, før ferda gjekk vidare i Hødd. I Hødd fekk han mellom anna med seg eit NM-gull, men i 2014 og 2015 forsvann han meir og meir ut av laget. I år er Ruben tilbake i Hareid. Og det er svært gledeleg.

Om vi då ikkje skulle ha gløymt nokon så er vi i mål med presentasjonane av a-spelarane. Det betyr at a-stallen i år tel 25 mann, inkludert 10 hospitantar frå yngres avdeling (dei frå Hareid 2 som har trena med a-laget er ikkje med her, men i eigen presentasjon). Og i denne presentasjonen avsluttar vi med den einaste nysignerte spelaren i vinter: Ruben-Kenneth Brandal. PS. Før vi tek påskeferie satsar vi på å presentere flest mogleg frå trenarteamet/støtteapparatet.

Namn: Ruben-Kenneth Brandal
Fødselsår: 1990
Posisjon: Midtbane og Spiss
Draktnummer: 7 (Nokon som er 7 forresten?)
Tidlegare klubbar: IL Hødd
A-kampar og mål for Hareid etter 2015: 56-1
Bustad: Hareid
Yrke/skule: Sakshandsamar/Økonomimedarbeidar i Hareid Kommune
Høgdepunkt i karrieren så langt: Vinne innandørs-KM, Vinne B-sluttspelet på Norway Cup, Vinne NM med Hødd, spele Europa League og vinne Grendacupen med Slorpestaurane.
Favorittlag i Norge: 0
Favorittlag i utlandet: Manchester United
Favorittspelar i Norge: Benjamin Slettebakk og Fredrik Aursnes
Favorittspelar i utlandet: Ronaldinho og Cristiano Ronaldo
Ser helst på TV: Sport og nyhende
Favorittmusikk: Avenged Sevenfold, rock & metal generelt.
Favorittmat: Heimeburger
Favorittdrikke: Captain Morgan & Cola
Favorittnettside: DB, DN, VG og det som har med trening.
Slik gjer Hareid det i 2016: Øvre halvdel

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR