hareid_il_logo_135.png









 

22.12. A-laget: Opnar heime mot Stranda

Ronny Jørgensen og Tore Johan Ytre-Hauge feirar scoring heime mot Stranda i 2010. Hareid vann då 5-2.
Ronny Jørgensen og Tore Johan Ytre-Hauge feirar scoring heime mot Stranda i 2010. Hareid vann då 5-2.

Trøndelag fotballkrins, som administrerer 3.-divisjon avdeling 9, har sendt ut utkast til terminliste for 2012. I oppsettet startar Hareid med heimekamp mot Stranda fredag 13. april. Det blir femte året på rad Hareid opnar med heimekamp. Andre runde går for Hareid sin del måndag 23. april borte mot Hødd 2. Siste runde går så seint som 20. oktober, heime mot SIF. Første "lange bortetur" er møtet med Averykameratene, som er sett opp laurdag 12. mai.

Vi legg ut heile utkastet seinare i dag.

12.12. A-laget skal trene i Ulsmohallen

Ein av desse skal ifølgje seg sjølv gått ned fem kilo sidan sesongslutt. Kven kan det vere? Send inn svar til hareidsida@gmail.com.
Ein av desse skal ifølgje seg sjølv gått ned fem kilo sidan sesongslutt. Kven kan det vere? Send inn svar til hareidsida@gmail.com.

Nytt av sesongen 2012 er at a-laget skal trene i Ulsmohallen (i Ulsteinvik) i vintermånedane. Det er stor pågang om treningstidene der ute, men Per Arve Moldskred i IL Hødd klarte å skaffe oss ei tid tysdagskvelden. Takk til Moldskred for den tenesta. Det positive med denne løysinga er at om det skulle bli dårlege tilhøve så får vi i alle fall éi trening i veka under tak på kunstgras. Etter alt å døme blir treningsveka slik for a-laget frå og med 2. januar:

Måndag: Trening 19.30, Hareidsmyrane
Tysdag: Trening 20.30, Ulsmohallen (møt ferdigskifta)
(Onsdag: A-lagsjuniorane skal på juniortrening)
Torsdag: Trening 18.00, Hareidsmyrane
Laurdag: Trening 12.00, Hareidsmyrane

PS 1. Det kan også vere ei moglegheit for å nytte Hareidhallen éin gong i veka om tilhøva skulle bli for dårlege, men la oss håpe på ein mild vinter. Ski og vinter er det nok av TV...:-) 
PS 2. A-laget har igjen to (frivillige) treningar før jul. I dag (12.12) og neste måndag. Det har vore god oppslutning på desse treningane, så no gjeld det å avslutte med stil før jula. Då er det som kjent lov til å ete det ein vil, og lage seg eit "godt" utgangspunkt før innveginga 2. januar.

06.12. A-laget opnar mot Bergsøy

Frå ein treningskamp mellom Hareid (her ved Alexander Jackson Indreflø) og Bergsøy (Fredrik Muren) vinteren 2009.
Frå ein treningskamp mellom Hareid (her ved Alexander Jackson Indreflø) og Bergsøy (Fredrik Muren) vinteren 2009.

Den sportslege leiinga rundt a-laget jobbar i desse dagar med å planlegge førebuingane til 2012-sesongen. Det blir ikkje like mange treningskampar som dei siste par åra, men vi skal spele mange nok kampar til at alle i stallen får fleire sjansar til å vise kva dei er gode for.

|

05.12. Kickstart på 2012-sesongen

Spelarane på kickoff-møtet fekk så vidt sjå på KM-pokalen for 2011 før han vart låst inn i pokalskapet. Det betyr at fokuset no ligg på sesongen 2012.
Spelarane på kickoff-møtet fekk så vidt sjå på KM-pokalen for 2011 før han vart låst inn i pokalskapet. Det betyr at fokuset no ligg på sesongen 2012.

Måndag kveld avvikla Hareid a-lag kickoff-møte med tanke på sesongen 2012. Nærare 30 personar møtte opp for å høyre om planane for neste års comebacksesong i 3.-divisjon.

26.11. Statistikk-farsa: Vagn slår tilbake

At Vagn er ein god keeper set vi ikkje tvil om. I dette tilsvaret påstår Vagn at han også er ein god utespelar.
At Vagn er ein god keeper set vi ikkje tvil om. I dette tilsvaret påstår Vagn at han også er ein god utespelar.

Som god presseskikk er har Vagn Scheide Mork nytta høvet til å komme med eit tilsvar i saka om kor vidt han scora tre mål eller ikkje for Hareid på 90-talet.

26.11. Her er beviset, Vagn!

Hareid-keeper Vagn Scheide Mork har alltid skrytt av dei fire måla han angjeveleg har scora for a-laget vårt. Men eit spørsmål frå webredaksjonen i fjor om korleis dei tre første måla kom - med påfølgjande nølande svar ("dei tre fyrste kom på 90-talet en gång, nåken treningskampa eller nåke sånt"), fekk oss til å gå denne saka i saumane. Og ganske rett. Etter å ha sjekka i Hareid IL si statistikkbok (oppdatert frå 1946 til 2000) viser det seg at Vagn verken scora i 1993, 1994 og 1995 - åra Vagn sjølv påstår han scora tre mål. Framfor 1996-sesongen gjekk Vagn til Hødd, og etter å også ha vore innom Molde og Grindvoll vende han heim igjen i 2003. Vagn scora ikkje det året. Det kan alle som spelte for Hareid det året bekrefte. Men likevel stod Vagn plutseleg oppført med tre mål etter 2005-sesongen. Ergo (vedtak): Det var anten ein feil av statistikkføraren eller korrupsjon frå ein viss keeper. Vagn Scheide Mork har ikkje scora fire mål for Hareid.

Men det skal han ha. I heimekampen mot Valder i 2006 scora Vagn på straffe. Og målscorarbilete klarte han også å snike seg med på...

25.11. Unggutar opp i a-stallen

Audun Øvrelid (til venstre) og Martin Mork Breivik.
Audun Øvrelid (til venstre) og Martin Mork Breivik.

A-lagstrenarane og Sportsleg utval (SU) jobbar i desse dagar med å kartlegge ein a-lagsstall til sesongen 2012. Ein viktig del av dette arbeidet er å gi dei unge spelarane i eigen klubb sjansen. Derfor har 16-åringane Audun Øvrelid og Martin Breivik no blitt flytta opp i a-stallen. Begge fekk prøve seg både på trening og litt i kamp for a-laget i år, og har bevist at dei har haldningane og ferdigheitene som gjer at dei kan lukkast i denne idretten. Øvrelid er først og fremst forsvarsspelar eller defensiv midtbanespelar. Breivik spelte mest back på juniorlaget i år, men også spele i fleire posisjonar offensivt på bana. 

I 2011 var desse gute- og juniorspelarane faste innslag i a-stallen: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Lars Andreas Folkestad, Fredrik Aursnes, Håkon Orten Trovåg, pluss fleire keeperar og andre som var med etter behov eller i periodar. Røyset og Rise Gaasø er neste år for gamle for juniorlaget, men blir med vidare som menige a-spelarar. Dei andre namngitte er sjølvsagt ønska vidare i a-stallen. Også andre frå aldersbestemte rekkjer kan komme til å få tilbodet i tida som kjem - anten som hospitantar eller faste medlemmer. Det er alt klart at juniorkeeperen Kristoffer Riise trenar fast med a-laget neste år.

24.11. Kick off for a-laget 5. desember

A-laget held kick off-møte før 2012-sesongen måndag 5. desember, truleg klokka 20.00 på klubbhuset (nærare beskjed vil bli gitt). Då blir det informasjon og diskusjon rundt opplegget for neste år. Alle som kan vere interesserte i å spele på a-laget neste år må møte.

21.11. A-laget: Bakken satsar i 2012

Martinus Røyset Bakken etter a-lagsdebuten mot Hødd a-lag i januar 2009. Kampen enda 4-4, og Martinus spelte ein kjempekamp på topp.
Martinus Røyset Bakken etter a-lagsdebuten mot Hødd a-lag i januar 2009. Kampen enda 4-4, og Martinus spelte ein kjempekamp på topp.

Hareid a-lag har gjort si første forsterking med tanke på 2012-sesongen. Rett nok melde Martinus Røyset Bakken seg inn igjen i Hareid før overgangsvindauget stengte i haust, men han spelte sidan berre juniorfotball. No er Bakken ferdig som junior, og har gjort det klart at han vil satse som a-lagsspelar i 2012. Han jobbar kveld eit par dagar i vekar, men meiner det skal gå greitt å få fri dagane det er kamp. Det betyr at Hareid a-lag har "signert" ein god offensiv spelar som både er ung og erfaren. Martinus debuterte for Hareid sitt a-lag i 2009, og scora tre mål på 18 kampar. Deretter gjekk vegen vidare til Hødd si junioravdeling, der han spelte fram til september i år. I år spelte Bakken også ein del på Hødd 2. 

Hareid hadde stor konkurranse om dei offensive plassane på laget i 2011, og med Martinus Røyset Bakken får trenarane endå fleire alternativ å velje mellom.

20.11. Pressemelding: Suksesstrenarane held fram

HAREID_SKJERF3867.JPG

Bjørge Worren og Svein Dag Slettebakk held fram som Hareid-trenarar. Les pressemeldinga frå Sportsleg utval (SU).

|
Forhånd.1...45464748
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR