hareid_il_logo_135.png

30.08. FØR LGFK-HAREID: SKADE- OG KARANTERÅKA HAREID-LAG TRENG POENG

- Nei, du er for skadd til å spele mot LGFK. Og du får truleg heller ikkje spele neste veke, er beskjeden Venthan Ketheeswaran her får frå Hareids hjelpetrenar og lege Vidar Vollsæter under måndagstreninga. Foto: KA

Hareid manglar fleire sentrale spelarar grunna skadar og karantenar. Men Lars Roar Holstad er tilbake.

29.08. HAREID HAR SIGNERT SPELAR

Roar fotografert før måndagstreninga.
Roar fotografert før måndagstreninga.

Det blir sjeldnare og sjeldanare Hareid signerer spelarar. Og når vi først gjer det, brukar nysigneringane som regel å hamne på skadelista med ein gong. La oss håpe det går betre med denne nysigneringa.

28.08. LOKALDERBY NESTE FOR HAREID A

Ruben-Kenneth Brandal (7) sitt kanonmål i heiemkampen mot LGFK i vår.
Ruben-Kenneth Brandal (7) sitt kanonmål i heiemkampen mot LGFK i vår.

Torsdag som kjem spelar Hareid bortekamp mot Larsnes/Gursken FK. Begge laga har nokså like formkurver; bra veldig lenge, men så tyngre utover i sesongen. Då laga møtte kvarandre på Hareid i vår leia heimelaget lenge 2-0, men to seine LGFK-mål gav poengdeling. Torsdagens kamp er sett opp på Larsnes stadion klokka 18.30. Vi satsar på på å kome med siste nytt frå stallen her på sida før kampen.

24.08. FØR HAREID - VALDER: MØTER EIT LAG I KJEMPEFORM

Sjølv om Hareid berre har vunne éin seriekamp på heimebane i år, har pubikum funne vegen tilbake til tribunane kamp etter kamp. Her ser vi nokre av dei som var til stades mot SIF for to veker sidan.
Sjølv om Hareid berre har vunne éin seriekamp på heimebane i år, har pubikum funne vegen tilbake til tribunane kamp etter kamp. Her ser vi nokre av dei som var til stades mot SIF for to veker sidan.

Valder var ein av dei store skuffelsane i 4.-divisjon i vår. Etter sommarpausen har dei verkeleg fått opp dampen. Og torsdag kjem Valder til Hareid.

17.08. LANGEVÅG-HAREID TORSDAG: ÅRETS TØFFASTE?

Frå kampen på Hareid i vår, som Langevåg vann 3-0. Hareid-spelarane på biletet er Robin Jackson Indreflø og Thor-Ove Brekke (8).
Frå kampen på Hareid i vår, som Langevåg vann 3-0. Hareid-spelarane på biletet er Robin Jackson Indreflø og Thor-Ove Brekke (8).

Hareid blir soleklare underdogs borte mot Langevåg torsdag. 

14.08. DEN ALDERSBESTEMTE FOTBALL SKAL IGJEN RUL(L)E

Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.
Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.

Veka vi snart legg bak oss starta to av seniorlaga på igjen. I løpet av veka som kjem er også dei aller fleste ungdomslaga våre i gang med haustseriane.

13.08. STATISTIKKHJØRNET: ... OG HEIME VERST

Thor-Ove Brekke og Hareid har ikkje fått det til på heimebane denne sesongen.
Thor-Ove Brekke og Hareid har ikkje fått det til på heimebane denne sesongen.

Statistikkhjørnet etter 3-3 mot ÅVK og 2-4 mot SIF.

10.08. FØR HAREID-SIF TORSDAG: HAREID GÅR UTFORDRANDE HAUST I VENTE

Det blir ikkje meir fotball på Ruben-Kenneth Brandal i år.
Det blir ikkje meir fotball på Ruben-Kenneth Brandal i år.

Ikkje berre har fleire spelarar gitt seg. Hareids beste spelar blir ute med skade resten av året, og kanskje også eit stykke inn i neste år.

07.08. A-LAGET: STARTAR HAUSTSESONGEN TORSDAG

Fredrik Andresen og Hareid A testa haustforma i ein treningskamp mot ÅVK som enda 3-3 for tre dagar sidan.
Fredrik Andresen og Hareid A testa haustforma i ein treningskamp mot ÅVK som enda 3-3 for tre dagar sidan.

Enkelte har sikkert gledd seg lenge. For andre kjem dette brått på. I alle tilfelle: A-laget startar hautsesongen med heimekamp mot SIF førstkomande torsdag klokka 18.30. Vi håper å kome med ein førehandsomtale om nokre dagar. Uansett: Set av torsdagskvelden til denne kampen. 

04.08. FOTO: HAREID - ÅVK (3-3)

Grunna ein teknisk feil ligg nokre bilete ute i to kopiar. Men det får berre vere...

03.08: TRENINGSKAMP: HAREID - ÅVK TORSDAG 19.00

Hareid A starta opp igjen for fullt denne veka, og har trena både måndag og tysdag. Torsdag blir det spelt treningskamp mot 5.-divisjonslaget Åram/Van.kam. Hareid har framleis nokre spelarar vekke på ferie, medan andre slit med skadar. Så det er venta at vi får sjå eit litt annleis Hareid-lag enn det som var normalen i vår. Kanskje får også eit par som er heimom på ferie vise seg fram. Uansett: Vi veit meir når kampen blir sparka i gang i morgon. Ei fin moglegheit til å få sett litt fotball for dei som ikkje er på Norway Cup. Kampstart: 19.00. Gras eller kunstgras.

30.07. A-LAGET: OFFISIELL OPPSTART MÅNDAG

Håvard Mork Breivik, Ruben-Kenneth Brandal og Simon Holstad Grimstad jublar for scoring borte mot Skodje i siste vårrunde.
Håvard Mork Breivik, Ruben-Kenneth Brandal og Simon Holstad Grimstad jublar for scoring borte mot Skodje i siste vårrunde.

24.07. "BROMLE" TILBAKE I HAREID IL

Christer Adrian Mork i aksjon for Hareid for nokre år sidan.
Christer Adrian Mork i aksjon for Hareid for nokre år sidan.

Før helga signerte ein gammal kjenning for Hareid.

15.07. A-LAGET: SOMMARTRENINGANE GÅR SIN GANG

Frå treninga torsdag. Frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Sigve Overå Hide, Robin Jackson Indreflø, Håvard Mork Breivik, Ruben-Kenneth Brandal.
Frå treninga torsdag. Frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Sigve Overå Hide, Robin Jackson Indreflø, Håvard Mork Breivik, Ruben-Kenneth Brandal.

Dei to siste vekene har a-laget heldt hjula i gang ved å trene to gonger i veka. Dei første treningane var det veldig godt frammøte med rundt 20 mann på treningane. Men av naturlege grunnar som ferie og den slags har talet på frammøte blitt ein del mindre denne veka. Einar Magne Skeide har hatt ein del av treningane, medan enkelte økter også har vore spelarstyrte. Det er ingenting nytt å melde om nye spelarar inn eller liknande.

29.06. A-LAGET MED KORT FERIE I ÅR

Frå kampen mot Skodje laurdag. Fremst ser vi Thor-Ove Brekke. Bak ser vi Alexander Nevstad og Håvard Mork Breivik.
Frå kampen mot Skodje laurdag. Fremst ser vi Thor-Ove Brekke. Bak ser vi Alexander Nevstad og Håvard Mork Breivik.

28.06. OPPSUMMERING AV A-LAGETS VÅRSESONG - TEKST

Høgdepunktet denne våren var nok 3-1-sigeren på Godøya. Her ser vi Ruben-Kenneth Brandal (7) feire ei scoring.
Høgdepunktet denne våren var nok 3-1-sigeren på Godøya. Her ser vi Ruben-Kenneth Brandal (7) feire ei scoring.

Det har vore ein varierande, men alt i alt god vårsesong. 

27.06. STATISTISK OPPSUMMERING AV A-LAGETS VÅRSESONG

Hareid-kaptein Ruben-Kenneth Brandal.
Hareid-kaptein Ruben-Kenneth Brandal.

Ruben-Kenneth Brandal er både toppscorar og stjernekonge. Runar Stranden ligg som vanleg på assist-toppen, men kan få tøff konkurranse frå nemnde Brandal.

26.06. STATISTIKKHJØRNET: FØRSTE BORTESIGER MOT SKODJE PÅ 16 ÅR

Statistikkhjørnet etter 6-2-sigeren borte mot Skodje laurdag.
* Dette var Hareid sin første bortesiger mot Skodje sidan 2000, då Hareid vann 3-2 i 4.-divisjon. 
* Ben Buntu scora sitt første a-lagsmål for Hareid, i sin tredje kamp. 
* Håvard Knudsen Bjåstad kom inn til sin første seriekamp for a-laget i år.
* Ola Kalvø Vattøy spelte sin 80. a-kamp, medan Torgeir Skeide spelte sin 30. 
* Dette var Hareid sin største seriesiger sidan 7-1 borte mot Vigra i fjor vår. 

25.06. FOTO: SKODJE - HAREID (2-6)

23.06. FØR SKODJE-HAREID: MÅ STILLE "FERIELAG" I SISTE VÅRKAMP

I mai var det mykje å glede seg over i Hareid-leiren, som i 4-0-sigeren mot Emblem (biletet). I juni har det vore langt verre. Hareid har tapt tre kampar på rad, og må overraske stort om det skal bli poeng mot formsterke Skodje laurdag.

Då vårsesongen starta hadde Hareid 25 spelarar i bruttostallen. No ser det ut som berre omtrent halvparten av desse er aktuelle til laurdagens bortekamp mot Skodje.

Forhånd.1234567...48Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR