hareid_il_logo_135.png

06.12. GOD KOK PÅ A-TRENINGANE

Eit vinnarlag på ei trening for eit par veker sidan. Frå venstre: Ivar André Aadland, Per Ståle Nykrem, Lars Roar Holstad, Kevin Aarvik Hestholm, Eiliv-Tore Howlid, Thor-Ove Brekke, Nauris Driksna.
Eit vinnarlag på ei trening for eit par veker sidan. Frå venstre: Ivar André Aadland, Per Ståle Nykrem, Lars Roar Holstad, Kevin Aarvik Hestholm, Eiliv-Tore Howlid, Thor-Ove Brekke, Nauris Driksna.

01.12. FREDAG BLIR KAMPDAG i #4DIVSUNN

I 2016 spelte Hareid flest torsdagskampar. Men denne kampen mot Skodje gjekk på ein laurdag.
I 2016 spelte Hareid flest torsdagskampar. Men denne kampen mot Skodje gjekk på ein laurdag.

SFK melder i dag at fredag blir kampdag i neste års 4.-divisjon på Sunnmøre. Vidare blir 5.-divisjon flytta frå onsdag til torsdag, og 6.-divisjon frå måndag til onsdag. Les meir her.

18.11. SKEIDE BLIR IKKJE HAREID-TRENAR I 2017

Einar Magne Skeide valde til slutt å takke nei til ein ny sesong i Hareid IL.
Einar Magne Skeide valde til slutt å takke nei til ein ny sesong i Hareid IL.

09.11. HAREID FIRE PLASSAR OPP PÅ SUNNMØRSRANKINGEN

Hareid, her ved Thor-Ove Brekke, klatra fire plassar på Sunnmørsrankinga.
Hareid, her ved Thor-Ove Brekke, klatra fire plassar på Sunnmørsrankinga.

Norborg.com har som vanleg oppdatert Sunnmørsrankinga for herre seniorlaga. Hareid klatrar fire hakk opp og enda i år på 16.-plass.

07.11. A-lAGET HELD HJULA I GANG

Vinnarlaget frå treninga sist veke. Frå venstre: Lars Roar Holstad, Torgeir Skeide, Eiliv-Tore Howlid og Roar Amundsen. Foto: KA.
Vinnarlaget frå treninga sist veke. Frå venstre: Lars Roar Holstad, Torgeir Skeide, Eiliv-Tore Howlid og Roar Amundsen. Foto: KA.

30.10. SESONGRAPPORT HAREID MENN SENIOR 1 - 2016

Kim-Tore Husøy og Thor-Ove Brekke scora dei avgjerande måla i 2-0-sigeren mot Skodje i siste runde.
Kim-Tore Husøy og Thor-Ove Brekke scora dei avgjerande måla i 2-0-sigeren mot Skodje i siste runde.

Sjekk her: 

sesongrapport_hareid_menn_senior_1-pdf.pdf

30.10. STRANDEN-GATE ER OPPKLARA

Korleis Stranden-gate vart oppklara er dessverre unntatt offentlegheita. Men saka enda i alle fall godt.

28.10. ETTERLYSING: KVEN HAR LÅNT (ELLER SETT) POKALANE TIL STRANDEN?

Runar Stranden (til høgre) får kanskje ikkje behov for nytt pokalskap likevel. Eller?
Runar Stranden (til høgre) får kanskje ikkje behov for nytt pokalskap likevel. Eller?

Nokon der ute har ein toppscorarpokal for mykje.

26.10. OPPDATERT ADELSKALENDER 1946-2016

Kim-Tore Husøy (til høgre) klatra opp på 12.-plass på adelskalenderen denne hausten. Husøy (161) ligg på fjerdeplass på målstatistikken bak Einar Elvanes (230), Knut Stranden (179) og Leiv Arne Grimstad (161). Men no er Husøy ferdig på a-laget, i alle fall for denne gong (?).

Vi merkar oss at Eiliv-Tore Howlid er oppe på sjuandeplass på adelskalenderen. Kim-Tore Husøy har tatt over 12.-plassen. Totalt 549 personar har no vore på bana sidan oppstarten i 1946. Av desse debuterte sju i 2016. 

adelskalender_a-lag_e_2016-red.pdf

23.10. ÅRSFESTEN: STRANDEN ÅRETS A-SPELAR, GRIMSTAD ÅRETS UNGE A-SPELAR

Howlid, Stranden og Grimstad.
Howlid, Stranden og Grimstad.

23.10. ÅRSFESTEN: STRANDEN ÅRETS ASSISTKONGE PÅ A-LAGET

Eiliv-Tore Howlid saman med Runar Stranden under årsfesten i går.
Eiliv-Tore Howlid saman med Runar Stranden under årsfesten i går.

For tredje året på rad vart Runar Stranden assistkonge på a-laget. Han hadde åtte assistar i serien og 14 totalt. Ingen andre hadde fleire enn fire i serien eller seks totalt. Ein flott prestasjon av Stranden.

23.10. ÅRSFESTEN: TOPPSCORARTITTELEN VART DELT

Eiliv-Tore Howlid saman med Runar Stranden (i midten) og Thor-Ove Brekke.
Eiliv-Tore Howlid saman med Runar Stranden (i midten) og Thor-Ove Brekke.

Fredag skreiv vi om dramatikken rundt kven som blir årets toppscorar for Hareid a-lag. Resultatet av prosessen Heiders- og statistikkomiteen i fotballgruppa (HOSKIFG) vart lagt fram under årsfesten laurdag. Prosessen enda med at både Thor-Ove Brekke og Runar Stranden blir ståande som toppscorarar for Hareid i år. Brekke fekk den største pokalen, medan Stranden fekk ein tilleggspokal.

PS. Ein person i salen, som har blitt toppscorar for Hareid nokre gonger tidlegare, meinte at det eigentleg ikkje burde delast ut pokal til toppscoraren(ane) dersom dei ikkje klarer å kome opp i 10 seriemål.

21.10. STATISTIKKHJØRNET: KVEN VART TOPPSCORAR, EIGENTLEG?

Er dette eit sjølvmål av SIF-spelaren? Eller hadde ballen retning mot mål og ville gått inn likevel?
Er dette eit sjølvmål av SIF-spelaren? Eller hadde ballen retning mot mål og ville gått inn likevel?

20.10. KARANE SOM ENDA PÅ EIN OPPLØFTANDE SJETTEPLASS I ÅRETS 4.-DIVISJON

Bakre rekkje frå venstre: Fredrik Andresen, Gustav Bjørlykke Kløvning, Lars Roar Holstad, Sigve Overå Hide, Håvard Mork Breivik. Midtrekkja: Eiliv-Tore Howlid, Runar Stranden, Simon Holstad Grimstad, Thor-Ove Brekke, Kim-Tore Husøy, Roar Amundsen. Nest fremste rekkje: Vidar Vollsæter, Vagn Scheide Mork, Venthan Ketheeswaran, Torgeir Skeide, Nauris Driksna, Robin Jackson Indreflø, Martinus Røyset Bakken, Ola Kalvø Vattøy. Heilt framme: Knut Helge Hovden, Einar Magne Skeide.

Bra jobba, kare!

19.10. FØR SKJEBNEKAMPEN TORSDAG 18.30: HAREID MÅ KLARE SEG UTAN ØVRELID

Håvard Øvrelid spelte ein god kamp og scora det første målet mot Stranda sist veke. Men han får ikkje spele mot Skodje torsdag.
Håvard Øvrelid spelte ein god kamp og scora det første målet mot Stranda sist veke. Men han får ikkje spele mot Skodje torsdag.

Les siste nytt før Hareid-Skodje.

19.10. FØR SKJEBNEKAMPEN TORSDAG: BLIR DET HUSØYS SISTE KAMP?

Kim-Tore Husøy med KM-pokalen frå 2011.
Kim-Tore Husøy med KM-pokalen frå 2011.

18.10. HAREID A: SJEKK KVEN SOM KAN BLI ÅRETS SPELAR

Thor-Ove Brekke (8), her med scoring mot Skodje, er ein av dei fem i finaleheatet i årets spelar-kåringa.
Thor-Ove Brekke (8), her med scoring mot Skodje, er ein av dei fem i finaleheatet i årets spelar-kåringa.

Vedkomande som blir årets spelar på a-laget har aldri blitt det før.

18.10. HJELVIK: - VI ER SVÆRT REVANSJESUGNE

Happy times: Eirik Nesset Hjelvik (til venstre) og Eivind Erstad har vore Skodje sine mest profilerte spelarar dei siste åra. Her ser vi duoen i 2011. Det går som regel litt opp og ned med Skodje. Men det er eit lag som er godt når dei først mobiliserer, som dei til dømes gjorde mot Valder sist veke.

Det er ikkje mange vekene sidan Skodje såg heilt fortapte ut. Men så har dei brått skjerpa seg, og faktisk tatt regien på nedrykkskampen i 4.-divisjon. Sist veke var det Skodje som med ein overraskande 3-1-siger sende Valder ned i 5.-divisjon. Og torsdag har Skodje planar om å gjere det same med Hareid. Vi har intervjua Skodje-strategen Eirik Nesset Hjelvik, som har eit tap frå siste vårrunde å revansjere.

17.10. BERRE TRE DAGAR IGJEN TIL SKJEBNEKAMPEN HAREID-SKODJE (TORSDAG 18.30)

La oss håpe Hareid-fansen mobiliserer også til torsdagens skjebnekamp. Her nokre av supporterane som laga liv på tribunen mot Stranda sist veke. Frå venstre: Per Inia Brekke, Thomas Hareide, Ulrich Kurseth, Sigbjørn Holkestad og Kevin Aarvik Hestholm.

Vi kjem med siste nytt frå stallen seinast onsdag ettermiddag. I tillegg har vi på gang eit intervju med ein sentral person frå Skodje IL. (Og nei, det er ikkje Geir Otto Ringstad vi snakkar om.) Inntil vidare er det berre å glede eller grue seg til torsdagens vinn- eller forsvinn-kamp.

14.10. STATISTIKKHJØRNET: DET TREDJE BESTE BORTELAGET I #4DIVSUNN

På bortebane brukar det oftast å ordne seg for Hareid, her ved Venthan Ketheeswaran mot Stranda i går.
På bortebane brukar det oftast å ordne seg for Hareid, her ved Venthan Ketheeswaran mot Stranda i går.

Statistikkhjørnet etter 2-1-sigeren borte mot Stranda i går.

Forhånd.12345...48Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR