hareid_il_logo_135.png









 

22.12. NYTT TRENARTEAM FOR A-LAGET, MED KENNETH MOLDSKRED I SPISSEN

Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Kenneth Moldskred og Vidar Vollsæter.
Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Kenneth Moldskred og Vidar Vollsæter.

Vender heim til Hareid etter ti år i andre klubbar.

Seint, men godt: Hareid IL Fotball ved sportsleg utval er no klare til å presentere trenarteamet for herrelaget i 2017.

Ny hovudtrenar blir Kenneth Moldskred. Dei siste ti åra har Moldskred hatt trenarjobbar i Hødd, Herd og AaFK. Frå 2003 til 2006 var han a-trenar for moderklubben Hareid, og før det i mange år trenar i aldersbestemt avdeling. I tillegg har Moldskred over 300 kampar som spelar for Hareid. Moldskred har den høgste trenarutdanninga i Norge, og stod øvst på lista då Einar Magne Skeide gjekk av som Hareid-trenar midt i november. Timinga var no god for eit Hareid-comeback for Moldskred. Spelarane har hatt eit sterkt ønske om å få Kenneth Moldskred tilbake som a-trenar. Fleire var også med då han var a-trenar i Hareid sist, og hugsar forvandlinga frå Hareid som ein nedrykksfavoritt til eit topplag i gamle 3.-divisjon - medan andre har hatt han som trenar i Hødd.

Etter to års fråvær er Ruben-Kenneth Brandal tilbake som hjelpetrenar. Brandal var hjelpetrenar i 2013 og 2014, og har tidlegare også trena gute- og smågutelag i Hareid IL. Brandal spelte i Hødd i sju år (2009-2015), og vart norgemeister i 2012. Våren 2016 spelte han igjen for Hareid, før han måtte stå over haustsesongen grunna ein skulderoperasjon, som han framleis er i opptrening etter. I vinter vil Brandal vere hjelpetrenar, før han vonleg frå våren av vil vere spelande hjelpetrenar.

For sjette året på rad er Vidar Vollsæter med i trenarteamet rundt a-laget. Han har ei spesiell kompetanse innan idrettsmedisin, og vil fungere som både lege og hjelpetrenar rundt laget. Som i 2016 vil den tidlegare maratonløparen Vollsæter i utgangspunktet vere til stades måndagane, pluss dei kampane han rekk over.

Vi har tidlegare takka av Einar Magne Skeide som a-trenar, og vi skal sjølvsagt gjere det same med Vagn Scheide Mork, som delte hovudtrenaransvaret med Skeide i 2016. Men Mork forsvinn ikkje heilt ut av miljøet. Han vil bidra med keepertrening og eventuelt anna etter avtale.

Resten av støtteapparatet kjem vi tilbake til seinare.

Summa summarum er vi godt nøgde med å ha danna eit godt trenarteam for sesongen 2016. Hareid kom så vidt med i den nye 4.-divisjonen som startar opp i år. Eit naturleg mål for sesongen 2017 blir derfor å etablere seg i denne divisjonen. A-laget har ikkje hatt spesielt mange treningar i november og desember, så det er sikkert nok å ta tak i når karane møtest igjen 2. januar klokka 19.00.

Men inntil vidare står det berre igjen å ønskje alle ei god jul!

(PS. For eventuelle spørsmål, kontakt Lars Roar Holstad, kontaktperson i sportsleg utval.)

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR