hareid_il_logo_135.png









 

13.10. KVEN BLIR ÅRETS SPELAR(AR)?

Tre av dei 12 som kan bli årets spelar på a-laget; (frå venstre) Thor-Ove Brekke, Jon André Thue og Alexander Nevstad.
Tre av dei 12 som kan bli årets spelar på a-laget; (frå venstre) Thor-Ove Brekke, Jon André Thue og Alexander Nevstad.

Det er berre 11 dagar igjen til årsfesten til Hareid IL Fotball senior. Av dei fire seniorlaga er det berre a-laget for menn som ikkje er ferdige med sesongen. 

Men felles for alle desse laga er det at prisen som årets spelar skal delast ut på årsfesten. Det er litt forskjellige reglar for kvart lag (stjerner, spelarrøyster, må ha spelt 70 % av kampane etc.), og vi skal ikkje gå veldig detaljert inn på det her. 

Men som ei opplading til årsfesten kan vi kjapt gå gjennom kven som har blitt årets spelar på dei ulike laga dei siste åra.

A-laget menn:

1998: Are Pilskog
1999: Bjørge Worren og Egil Øvrelid
2000: Sigbjørn Skeide
2001: Remi Helleseth
2002: Sturla Pilskog
2003: Vagn Scheide Mork
2004: Kim-Tore Husøy
2005: Marius Rise
2006: Even Hansrud og Kim-Tore Husøy
2007: Ronny Jørgensen
2008: Martin Andreas Molnberg
2009: Steffen Uldbæk
2010: Kim-Tore Husøy
2011: Fredrik Aursnes
2012: Vagn Scheide Mork
2013: Marius Rise
2014: Martin Nikolai Longva

Årets unge spelar a-laget menn:

2009: Joachim Røyset
2010: Tore Bjørge Mjønes
2011: Joachim Røyset
2012: Martin Mork Breivik
2013: Audun K. Øvrelid
2014: Runar Stranden

Hareid 2:

2009: Fredrik Seljeset Bøe
2010: Espen Beiermann
2012: Antoni Gardshol
2013: 3 x Alipoor
2014 (Hareid 2/Hjørungavåg): Benjamin Slettebakk

PS. Frå 2015 kjem det også inn ein ny pris; årets unge spelar Hareid 2, sidan laget i snitt har blitt så mykje yngre siste tida.

Hareid 3 (heitte i fjor Hjørungavåg2/Hareid3):

2014: Eirik Brandal

Damelaget:

2011: Therese Indreflø
2012: Gunhild V. Grimstad
2013: Arnhild Åsmo Bigset
2014: Victoria Røren

PS. I år blir det også delt ut pris for årets unge spelar på damelaget.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR