hareid_il_logo_135.png









 

11.01. SMÅNYTT FRÅ LEIREN - VEKE 2, DEL II

Fredrik Lonbakken.
Fredrik Lonbakken.

Vekas andre oppdatering med viktige og mindre viktige nyheiter frå a-lagsleiren.

* Fredrik Lonbakken er no tilbake i full trening. Han deltok både måndag og tysdag. Og ikkje berre det. Tysdag deltok også to unge keeperar som i alle fall førebels er innmeldt i andre klubbar. Inkludert Sigve Overå Hide, førstekeeper mesteparten av sesongen i fjor, var det altså fire keeperar til stades på tysdagstreninga. I tillegg var keepertrenar Vagn Scheide Mork på plass.

* Bergsøy er stadig på spelarjakt, og skal no ha retta fokuset inn mot ein Hareid-spelar. Vedkomande trena med Hareid tysdag, og var også observert i bygda i ein sosial samanheng langt utpå kvelden. Så vi får håpe det er eit godt teikn på at vedkomande blir i Hareid IL.

* Når det gjeld eventuelle nye signeringar til Hareid, av utespelarar, så er det ikkje så mykje nytt å melde. Men tysdag var ein spelar med fortid i Lokomotiv Oslo 3 i 8. divisjon innom treninga. Så får vi sjå kva som skjer der.

* Første treningskamp, heime mot Bergsøy, har blitt flytta fram frå fredag 9. februar til torsdag 8. februar. Dette etter ønskje frå Bergsøy.

* Årets generalprøve går, som i fjor, mot LGFK. Kampen er tidfesta til tysdag 11. april.

* Ei veke tidlegare, tysdag 4. april, blir det kamp mot Hødd 2, på Høddvoll. 

* Elles ser det ikkje ut som det blir nokon kamp mot Stryn denne vinteren. Dessutan viste det seg at SIF likevel var fullbooka. Men det er framleis aktuelt å møte Volda.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR