hareid_il_logo_135.png









 

03.01. SKJER I SJØEN FOR HAREID: TOPPSCORAREN GIR SEG

Thor-Ove Brekke etter å ha avgjort første serierunde på Siffen i fjor.
Thor-Ove Brekke etter å ha avgjort første serierunde på Siffen i fjor.

Thor-Ove Brekke har i dag gitt beskjed om at han ikkje blir med a-laget denne sesongen.

Det er svært synd, sidan dette er snakk om toppscoraren frå 2016 (delt med Runar Stranden). 

"Thoro" begynte å trene med Hareid i 2011-sesongen. Då hadde han ikkje spelt fotball sidan han var gutunge på Eggesbønes, men hadde drive ein del med friidrett. Etter å ha trena med Hareid ein del i 2011 melde han overgang vinteren 2012 - og vart ein suksess på direkten.

Allereie i første serierunde i 3.-divisjon det året markerte "Thoro" seg med to scoringar mot Stranda (5-3-siger). Sidan har han vore ei viktig brikke på Hareid i fem strake sesongar, anten i midtbaneleddet eller i angrepet. Totalt har hardhaussen 30 mål på 132 a-kampar. Det siste målet kom i den avgjerande 2-0-sigeren heime mot Skodje i fjor haust.

"Thoro" har også vore ein svært viktig del av det sosiale miljøet rundt laget. Så det er synd at han ikkje blir med denne sesongen (han har ikkje utelukka at han blir med i 2018). Men ifølgje han sjølv strekk ikkje tida lenger til med tanke på å kunne bidra tilstrekkeleg for laget. Og då er det beste å tre til side for ein periode. 

Takk for alt så langt, Thoro!

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR