hareid_il_logo_135.png









 

02.01. "NIKO" TILBAKE I HAREID

Nikolai Røyset var strålande nøgd etter å ha re-signert for Hareid.
Nikolai Røyset var strålande nøgd etter å ha re-signert for Hareid.

Hareid med årets første sigering på årets andre dag.

Og spelaren vi har signert kjenner sikkert mange godt frå før. 

Nikolai Røyset er frå Hareid, har spelt aldersfotball her - og i alle fall tre periodar for a-laget. 

I sin andre periode som a-spelar var han med på å vinne 4.-divisjon i 2011. Før det spelte han nokre sesongar i Lokomotiv Oslo, og også litt i Ullern.

Men det var også eit par år rundt 2013-2014 Nikolai nesten ikkje spelte i det heile grunna eit øydelagt korsband. 

Mot slutten av hausten 2014 var han i gang med sin tredje periode som a-spelar for Hareid. Men vinteren 2015 gjekk Nikolai til Bergsøy, der han også var sist sesong.

Etter kvart som Nikolai har rist av seg alle skadane sine har han berre blitt betre og betre. Og han blir etter alt å døme ei solid forsterking for årets Hareid-lag.

Kanskje scorar han også sitt første a-mål for Hareid. Så langt har han 77 a-kampar og null nettkjenningar...

Uansett: Velkomen heim, Niko!

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR