hareid_il_logo_135.png









 

26.05. GODØY - HAREID 1-3: TRE HELDIGE MÅL GAV TRE HERLEGE POENG

Ruben-Kenneth Brandal (i midten av dei tre til høgre) har her nettopp sendt Hareid opp i leiinga. Elles på biletet ser vi frå venstre Håvard Øvrelid, Thor-Ove Brekke og Runar Stranden (10).
Ruben-Kenneth Brandal (i midten av dei tre til høgre) har her nettopp sendt Hareid opp i leiinga. Elles på biletet ser vi frå venstre Håvard Øvrelid, Thor-Ove Brekke og Runar Stranden (10).

Hareid-flyten held fram. Dette var ei god blanding av ein slitesiger og ein noko heldig triumf.

For la det vere sagt først som sist: Det var ikkje Hareid som skapte flest sjansar denne kampen. Talet på sjansar var ikkje veldig langt unna talet på mål. Så mange vil heilt sikkert hevde at Godøy fortente å vinne denne kampen. Og vi kan kanskje støtte dei i det.
   Men hugs: I fotball handlar det om å halde hovudet kaldt i avgjerande situasjonar. Der strauk Godøy, medan Hareid var dødeleg effektive framfor Godøys mål, og ei god blanding mellom gode og heldige i eige forsvar.

Sterk lagmoral
Spelemessig var dette ein ujamn kamp av Hareid. Vi forventa slett ikkje at Hareid reiste ut til Godøya for å spele finfotball. Men det vart for mykje slurv teknisk og dermed farlege balltap sentralt i bana – for ofte. Heldigvis straffa ikkje dette seg særleg. Men Hareid skal ha stor ros for å ha spelt med ein veldig god guts kampen gjennom. Innsatsen var det ingenting å utsetje på. Og det er også ein faktor ein må ta med seg når ein skal gå gjennom ein kamp som denne. Spesielt moralen Hareid viste etter 1-1, då alle forventa eit stormløp mot Hareid-målet, blir viktig å ta med seg vidare i sesongen.

Godøy best i første
Går vi tilbake til starten av kampen, ser vi at Hareid gjorde éi forandring i start-11-aren. Håvard Øvrelid kom som venta inn for den skadde Robin Jackson Indreflø. Jon André Thue måtte også denne gongen starte på benken. Men som sist skulle han spele ei avgjerande rolle likevel, noko vi kjem tilbake til.
   Godøy opna best og fekk kampens første sjanse i det femte minutt, men avslutninga vart altfor svak. Nokre minutt seinare sette Godøy inn eit trykk med fleire halvfarlege avslutningar og nokre gode dødballar, men Hareid-forsvaret stod imot. I det 12. minutt hadde då også Godøy ein ball i nettet, men linjedommar Bjarte Steinsbu vinka for frispark til Hareid i forkant. Vidare kunne heimelaget også ha scora i det 24. minutt, men Venthan Ketheeswaran redda på streken. Hareid kom faktisk ikkje til ein einaste stor sjanse denne omgangen. Eit par langskot vart aldri meir enn halvfarlege. Det stod 0-0 til pause, noko Hareid kunne vere svært godt nøgde med.

Stopparen sleiva
Godøy skapte på langt nær like mykje i ein 2. omgang som spelemessig var mykje jamnare. Det skjedde i grunnen lite før Hareid tok leiinga ut av intet i det 59. minutt. Ein av Godøy-stopparane skulle spele ballen roleg tilbake til eigen keeper, men slurva. Det utnytta Ruben-Kenneth Brandal, som fekk lønn for innsatsen han la ned for å jage ein tilsynelatande umogleg ball – og sette enkelt inn 1-0. Som venta satsa Godøy hardt for å få utlikninga. Først heada spissen Mulelid like utanfor på ei heading han truleg normalt sett hadde styrt i mål. Men så fekk heimelaget endeleg utteljing i det 74. minutt. Hareid sov på ein defensiv dødball. Joakim Austnes slo ein corner 45 gradar ut til Jan Ove Austnes. Veteranen banka ballen flott i det lengste hjørnet.

To keeperfeil
To minutt seinare tok Hareid igjen leiinga. Keeperen til heimelaget bomma rett og slett på ballen, og innbytar Thue kunne enkelt spasere kula i mål. Og ikkje nok med det. I det 82. minutt kom Runar Stranden seg flott rundt på høgresida og fekk avslutta. Keeper såg ut til å ha full kontroll, men klarte å famle ballen i mål. Dermed 3-1 til eit Hareid-lag som dermed berre hadde igjen å spele kynisk på slutten for å setje dei tre poenga inn i banken.
   Ein utruleg artig siger på Godøya. Samtidig må vi hugse at så mange marginar rett veg som dette får ikkje Hareid kvar kamp. Det må framleis jobbast hardt inn mot kvar einaste kamp framover. Mot Norborg neste veke må fleire sentrale spelarar stå over av ulike grunnar. Men det får vi kome tilbake til seinare. Inntil vidare skal vi suge hardt og lenge på denne karamellen.

PS. Ruben-Kenneth Brandal spelte igjen ein god kamp på midten. Elles synest vi Runar Stranden kom best frå det av dei i angrepet. Han jobba utrøytteleg opp og ned høgresida, og fekk også lønn for strevet i form av ei scoring. Forsvaret var ikkje like patent som det har vore die siste kampane, trass i berre eitt baklengsmål i dag. Men vi synest keeper Sigve Overå Hide godt få ei stjerne i dag. Han hadde eit par slurvefeil han også, men var solid og trygg i det aller meste han involverte seg i.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016 runde 7, 26. april
Godøy – Hareid 1-3 (0-0)
Godøy kunstgras
Tilskodarar: Ca. 100
Mål: 0-1 Brandal (59), 1-1 J. Austnes (74), 1-2 Thue (76), 1-3 Stranden (82)
Dommar: Tove Marie Tandstad, VRF
Gule kort: Stranden og Brekke (Hareid), Alnes (Godøy). Fleire?
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna – Alexander Nevstad, Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal (K) – Runar Stranden (Fredrik Andresen 90), Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid (Jon André Thue 70).
*** Brandal, ** Stranden, * Hide

Andre resultat: Norborg – Valder 3-1, FK Sykkylven – Langevåg 0-1, Stranda – SIF 2-3, Emblem – Ørsta 4-2, LGFK – Skodje 2-1

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR