hareid_il_logo_135.png









 

25.08. HAREID - VALDER 2-2: DET KUNNE BLITT ALT MOGLEG

Før i tida spelte alltid Kim-Tore Husøy med nummer 5 på ryggen. Men heime igjen etter tre år i Oslo spelar Husøy no med nummer 10. Her set han inn 1-0 på straffe i dag.
Før i tida spelte alltid Kim-Tore Husøy med nummer 5 på ryggen. Men heime igjen etter tre år i Oslo spelar Husøy no med nummer 10. Her set han inn 1-0 på straffe i dag.

Hareid kunne ha vunne og kunne ha tapt. Derfor var det kanskje greitt med 2-2 på IL Valder sin 60-årsdag, etter at laga var best i kvar sin omgang.

Fleire "ny-gamle"
Til denne kampen mangla Hareid ei rekkje spelarar. Ruben-Kenneth Brandal er jo ut heile sesongen med skade. Dessutan stod Alexander Nevstad og Lars Roar Holstad over med tre gule kort. Elles kunne verken Robin Jackson Indreflø eller Håvard Øvrelid vere med grunna skadar. Og Ola Kalvø Vattøy er tilbake i Molde. Så det var eit nykomponert Hareid-lag som stilte til start i kveld.
   På benken fann vi ein del gamle kjenningar som ikkje har vore med a-laget på ei stund. Martinus Røyset Bakken var sist sett tidleg i vårsesongen. Antoni Gardshol har nettopp gjort comeback for Hareid 2 etter eit halvt år ute med skade (han kom ikkje på bana i dag). Han spelte sist for a-laget vinteren 2014. Også Nikolay Sundgot spelte sin siste a-kamp for to og eit halvt år sidan. Som om ikkje det vart rokert nok frå før vart det også gjort uventa endringar undervegs, sidan Håvard Mork Breivik først måtte ut med blod i ansiktet, og etter å ha vore ein tur inne i ambulansen måtte han ut for andre gong - då med skade. 

Leiing på straffe
Men om vi tek det heile frå starten av: Hareid spelte i grunnen ein god 1. omgang. Banespelet var for så vidt jamt. Men det var Hareid som skapte det aller meste av sjansar før pause. Allereie etter fire minutt kunne Runar Stranden ha sørgja for 1-0, men Valder-keeper Morten Sanden redda flott.
   Tre minutt seinare fekk Hareid eit korrekt straffespark då Venthan Ketheeswaran vart tatt etter eit flott raid. Kim-Tore Husøy var sikker som banken. Berre to minutt seinare kunne Eiliv-Tore Howlid ha dobla, men keeper Sanden redda headinga på meisterleg vis. 

Utfordringar for dommaren
Utover i omgangen fekk vi sjå færre sjansar. Men det vart dramatisk etter 25 minutt då den unge dommaren Øyvind Birkeland etter referenten sitt syn fort kunne gitt eitt raudt kort til kvart lag etter ein liten slåstkamp. Men Birkeland valde å nøye seg med å gi gult kort til Hareid-backen Nauris Driksna (om det var for taklinga som Valder fekk frispark på, eller hemn på hemnen til Valder-spelaren, er ikkje kjent for oss). 
   Etter 36 minutt var det Valder som ville ha straffe, men dommaren sa nei. Om det var straffe veit vi ikkje. Men før pause fekk ein Valder-spelar eit tilsynelatande litt billegg gult kort for filming. Så vi kan jo til ein viss grad forstå frustrasjonen blant dei blåkledde.

To Valder-sjansar
I 2. omgang var Valder det førande laget, medan Hareid berre glimta til i visse periodar. Vi noterte gode Valder-sjansar både i det 55. og 61. minutt. Tre minutt seinare kunne fort Venthan Ketheeswaran ha dobla leiinga, men raidet enda i hjørnespark. Det slo Runar Stranden inn. Og midtspisssen Thor-Ove Brekke sende ballen i nettet. 2-0.

Henta opp igjen
I det 69. minutt reduserte Valder ved Glen Ørjan Johannessen. Eit flott løp og ei sikker avslutning. Men vi kan jo alltids spørje kvar Hareid-forsvaret var hen i den situasjonen. Hareid såg slitne ut utover i omgangen. Men også då 2-2 kom etter 81 minutt sat vi med ei kjensle av at Hareid burde ha kunne unngått baklengs. Erlend Synnes Skjong fekk lett spelerom då han utlikna.
   Hareid gjorde nokre byte og hadde nokre brukbare overgangar på tampen. Etter 2-2 var det i grunnen hipp som happ kvar sigeren skulle hamne - om han skulle hamne nokon plass. Det gjorde han ikkje. Og vi får vel seie at poengdeling var greitt nok. Hareid burde sjølvsagt ikkje ha gitt frå seg 2-0-leiinga. Men då det først skjedde var det i alle fall greitt å få med seg eitt eller anna herifrå.

PSBest på Hareid i dag? Vanskeleg å seie. Fleire var betre i første omgang enn andre. Det gjaldt både Kim-Toe Husøy på midten og Venthan Ketheesewaran på kanten, for å ta eit par døme. Simon Holstad Grimstad var truleg best av dei bak. Men ein kar som Ben Buntu viste ein del frisk i periodar. Torgeir Skeide og Joachim Røyset leverte jamt gode prestasjonar. Og assist-kongen Runar Stranden var i periodar veldig bra. 

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon 2016 runde 14. 25. august
Hareid - Valder 2-2 (1-0)
Hareid stadion
70 tilskodarar
Mål Hareid: Husøy (straffe), Brekke
Mål Valder: Johannessen, Skjong
Dommar: Øyvind Birkeland, Herd
Gule kort: Brekke, Driksna (Hareid), Elde, Skjong, Johannessen (Valder)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Joachim Røyset, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik (Ben Buntu 17), Nauris Driksna (Håvard Mork Breivik 68) (Jon André Skarshaug 79) - Torgeir Skeide (K), Kim-Tore Husøy (Martinus Røyset Bakken 88), Eiliv-Tore Howlid - Runar Stranden (Fredrik Andresen 89), Thor-Ove Brekke, Venthan Ketheesewaran (Nikolay Sundgot 75)
*** Røyset, ** Skeide, * Grimstad

Andre resultat: FK Sykkylven - LGFK 1-0, Skodje - Godøy 0-3, SIF - Emblem 0-3, Stranda - Norborg 2-1.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR