hareid_il_logo_135.png









 

15.09. EMBLEM - HAREID 2-1: ENDÅ EIT TAP ETTER 1-0-LEIING

Hareid-trenarane (frå venstre) Mork, Vollsæter og Skeide måtte sjå Hareid tapte 2-1 for andre veke på rad. Men (rett nok når det står igjen éin kamp av runden) ligg Hareid faktisk framleis på øvre halvdel i 4.-divisjon. Foto: KA.
Hareid-trenarane (frå venstre) Mork, Vollsæter og Skeide måtte sjå Hareid tapte 2-1 for andre veke på rad. Men (rett nok når det står igjen éin kamp av runden) ligg Hareid faktisk framleis på øvre halvdel i 4.-divisjon. Foto: KA.

For andre veka på rad tapte Hareid 2-1 etter å ha leia 1-0. Men alt i alt spelte Hareid ein heiderleg bortekamp mot gode Emblem.

Redaksjonen var ikkje til stades på Ebbemyra stadion. Men uttrykk som "surt tap" og "heiderleg tap" går igjen med dei vi snakka med etter kampslutt. 

Det var vel dei færraste som trudde Hareid skulle ta poeng i ein vanskeleg bortekamp på ein arena der Hareid heller aldri har vunne i moderne tid. Men Hareid gjekk respektlaust til verket og leia heilt fortent 1-0 til pause. Emblem hadde også sine sjansar, men Hareid spelte best og skapte mest. Målet kom i det 34. minutt. Håvard Øvrelid fann Roar Amundsen, som igjen fann Thor-Ove Brekke, som scora frå seks meter. Dessverre vart Øvrelid skadd i den situasjonen, og blir ute på ubestemt tid. Venthan Ketheeswaran kom inn for Øvrelid.

I andre omgang opna Emblem best, og det gjekk ikkje lenge før heimelaget fekk både 1-1 og 2-1 (57. minutt). Men utover i omgangen kom Hareid meir med, og kampen låg og bikka. Emblem kunne gått opp i 3-1, men Hareid kunne også fått 2-2. Mellom anna hadde Thor-Ove Brekke ein stor sjanse, og truleg vart han også snytt for straffe.

Dessverre vart det 2-1-tap på Hareid. To strake tap gjer ikkje godt for poengsummen. Men tabellplasseringa er faktisk OK. Før LGFK-Ørsta laurdag ligg Hareid på sjetteplass, fire poeng over det som no er streken. Det blir ei uhyre spennande avslutning på sesongen.

Hareid: Sigve Overå Hide - Robin Jackson Indreflø, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna - Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen, Kim-Tore Husøy - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid + Venthan Ketheeswaran, Martonus Røyset Bakken, Gustav Bjørlykke Kløvning, August Brandal.

*** Amundsen, ** Breivik, * Hide

(For fleire detaljar rundt sjansar frå kampen, sjekk dei fyldige oppdatertingane på Twitter.)

Andre resultat i kveld og tabell.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR