hareid_il_logo_135.png









 

12.05. ØRSTA-HAREID 0-2: KAN VI SPELE BORTE KVAR RUNDE?

Målscorarar: Ruben-Kenneth Brandal og Runar Stranden.
Målscorarar: Ruben-Kenneth Brandal og Runar Stranden.

For tredje gong på tre forsøk vann Hareid borte i årets 4.-divisjon. Sjølve prestasjonen var ganske ujamn, men den var god nok til å slå Ørsta med grei margin. Runar Stranden og Ruben-Kennet Brandal scora Hareid sine mål.

Det blir sagt at det å vinne på ein dårleg dag er ein god eigenskap. No synest vi ikkje Hareid leverte nokon dårleg kamp. Men det var også eit stykke unna toppnivået, så vi får kalle dette ein arbeidssiger på ein middels dag. Vi får berre takke og bukke for at Mats Øvrebotten hadde tre gule kort og ikkje kunne spele denne kampen. For Ørsta kom til fleire kvalifiserte sjansar dei burde ha fått noko ut av, men som vart for puslete. Den unge Hareid-keeperen Sigve Overå Hide gjorde ikkje ein einaste feil denne kampen, men så var det vel også berre eit par av avslutningane til heimelaget som var særleg utfordrande for Hide å ta.

Howlid på topp
Om vi går tilbake til starten, ser vi at Hareid berre gjorde to endringar på laget som spelte 2-2 mot LGFK sist veke. Lars Roar Holstad var vekke grunna jobb. Jon André Thue var inne igjen på laget etter å ha stått over for raudt kort sist runde. Men merk at det var Alexander Nevstad, midtbanemann sist, som gjekk ned på Holstad sin stopparplass. Den andre endringa var at Thor-Ove Brekke ikkje kunne spele grunna ein skade han fekk på treninga tysdag. Den rutinerte allround-spelaren Eiliv-Tore Howlid starta derfor på topp.

Jamn opning
Dei første 20 minutta var ganske jamne, og bar preg av at det var to (stort sett) unge lag som ville mykje. Tempoet på kampen var derfor høgt, utan at kvaliteten dermed stod i stil. Det vart fleire tekniske feil begge vegar. Det var også sjansefattig ganske lenge, men vi merka oss eit brukbart Ørsta-skot over mål (Sjur Haug?) og eit bra Robin Jackson Indreflø-raid som kokte ut i kålen. Begge laga hadde også hatt nokre halvfarlege dødballar.

Scoring på ope mål
Då 27 minutt var spelte begynte ting å skje. Først fekk Hareid ein sjanse i gåve med Ørsta. Eiliv-Tore Howlid, som var positiv som duellvinnande spiss før pause, jobba steingodt og fekk lagt inn frå venstre (etter at keeper Liaksar hadde rota i forkant). Runar Stranden kom i stor fart og heada like utanfor. Knapt eit minutt seinare var Stranden hakket heldigare. Igjen var det Ørsta som rota i eigne rekkjer. Jon André Thue spelte gjennom Vanylven-kompisen Stranden, som enkelt kunne score i ope mål. 0-1. Resten av 1. omgang var Ørsta best og definitivt mest sjanseskapande. Vi noterte tre kvalifiserte sjansar til ørstingane før pause. Ingen av dei gav utteljing, og det kan Ørsta berre takke seg sjølve for, når kvaliteten på avslutningane var så svak som den var. Ved det eine høvet kunne i grunnen berre Ørsta-spelaren spasere ballen i mål. Men han valde i staden ei hard avslutning i retning skogen og fjorden.

Stormløp mot Ørsta-målet
Om Ørsta var best inn mot pause, var det absolutt ingen tvil om at Hareid dominerte stort det første kvarteret etter pause. Hareid gjekk ut i hundre. Robin Jackson Indreflø herja på som han ville denne perioden, men brente store sjansar både i det 47. og 48. minutt. Hareid pressa og pressa. Og i det 54. minutt kom 0-2. Eit bra angrep der også Indreflø var sterkt involvert enda hos Runar Stranden på bakarste stong, som uegoistisk fann Ruben-Kenneth Brandal. Hareid-kapteinen scora frå omtrent 70 centimeter.

Indreflø i offside?
Hareid har leia 2-0 i Ørsta i nyare tid før utan at det har gitt tre poeng. Og det var vel dei færraste som følte seg sikre på tre poeng med over 35 minutt igjen å spele. Som mange frykta heva Ørsta seg igjen etter 0-2. Vi kan ikkje akkurat kalle det eit stormløp, men ein spisstype a la Øvrebotten ville nok scora i alle fall éin gong denne perioden av kampen. Utover i omgangen vart også Ørsta meir tamme. Hareid kunne sjå litt meir slitne ut dei også - og tempoet i kampen fall. Då Ørsta bomma på ein stor sjanse etter 77 minutt, følte vi oss endeleg relativt sikre på kvar dette bar. Fem minutt før slutt sette Indreflø ballen i mål, men linjedommaren vinka for offside. Nokre meinte det var feil. Vi på vår side er usikre. Kanskje var Indreflø ein centimeter eller to på feil side?

Svært viktige poeng
Sluttminutta bar mest preg av fleire byte og andre stopp i spelet. Hareid hala sakte men sikkert inn ein 2-0-siger. Med tanke på utteljing, guts og vilje kan vi seie at sigeren var fortent. Men som vi var inne på tidleg var det ingen perfekt bortekamp. Uansett. I kveld skal vi bry oss lite om det. Ørsta blir fort eitt av dei ca. fem laga Hareid må halde bak seg på tabellen for å kome med i den nye 4.-divisjonen. Og det er ekstremt viktig å slå eit slikt lag. Girri, girri og jakk og cåjl!

Ein jamn lagprestasjon
Det var vel ingen på Hareid som spelte opp mot absolutt maks. Men vi kan prøve å trekke fram nokre. Runar Stranden vart jo ein matchvinnar med mål og målgjevande, medan Jon André Thue i periodar var drivande godt på midten. Ruben-Kenneth Brandal var kanskje ikkje allverda i første omgang, men var svært god den perioden Hareid var gode i andre omgang. Elles var Simon Holstad Grimstad igjen bra i midten bak, og Alexander Nevstad begynner også å kome i form. Generelt sett var forsvarsspelet i periodar noko svakt, men det er som mange veit eit heilt lag som forsvarer seg – og ikkje berre fire spelarar. Uansett skal alle få godkjent denne kampen.

Merk forresten at Ole André Kragset kom inn som spiss på slutten, ei rolle han ikkje har hatt sidan han var Hødd 2-spelar i tenåra. Men «Lensmannen» gjorde ein viktig jobb som førsteforsvarar og kom godt frå det.

Neste kamp går heime mot Emblem torsdag neste veke.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon runde 5, 12. mai 2016
Ørsta – Hareid 0-2 (0-1)
Ørsta kunstgras
Tilskodarar: 90 (inkludert dei som rigga til Vassendgutane-konsert)
Mål: 0-1 Stranden (28), 0-2 Brandal (54)
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL
Gule kort: Eit par til Ørsta + Stranden og Indreflø, Hareid
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran, Alexander Nevstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna – Jon André Thue (Håvard Øvrelid 87), Ruben-Kenneth Brandal, Torgeir Skeide – Runar Stranden (Fredrik Andresen 90), Eiliv-Tore Howlid (Ole André Kragset 76), Robin Jackson Indreflø (Ben Buntu 88).
*** Stranden, ** Thue, * Brandal

Andre resultat: FK Sykkylven – Skodje 3-0, Emblem – Valder 0-0, Godøy – Langevåg 3-2, LGFK – Stranda 3-2. (Norborg – SIF går fredag.)

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR