hareid_il_logo_135.png









 

05.05. HAREID - LGFK 2-2: DRAMATISK AVSLUTNING GAV TO TAPTE POENG

To minutt før full tid fann dommar Richard Olsen det for godt å gi gult kurt nummer to til Hareids Joar Møller (13). Det første gule var korrekt, det andre berre tøv.
To minutt før full tid fann dommar Richard Olsen det for godt å gi gult kurt nummer to til Hareids Joar Møller (13). Det første gule var korrekt, det andre berre tøv.

Dei nesten 300 tilskodarane fekk sjå eit dramatisk lokaloppgjer. Men det som lenge såg ut til å gi siger til Hareid vart til eitt poeng etter nokre dramatiske avslutningsminutt. 

I ein kamp som ikkje var altfor sjanserik (noko sånt som 4-4 i store sjansar), laga hadde noko lunde lik utteljing på sjansane, og som stort sett var spelemessig jamn – er kanskje ikkje 2-2 eit veldig feil resultat. Men måten Hareid gjekk frå 2-0 til 2-2 på er bitter, rett og slett. Spesielt med tanke på at dommar Richard Olsen også spelte ei av hovudrollene i den avgjerande fasen av kampen.

Hide i mål

Går vi tilbake til starten, gjorde Hareid to endringar på laget sidan 3-0-sigeren mot Valder sist veke. Sigve Overå Hide kom inn i mål for ein skadd Fredrik Lonbakken, medan Alexander Nevstad kom inn for Jon André Thue, som hadde karantene for to gule kort mot Valder.
   Larsnes/Gursken starta i motvind, men var likevel laget som stod høgst i bana i starten av kampen. Eivind Myklebust kom til ei avslutning som vart blokkert etter to minutt (halvsjanse), men elles skapte bortelaget ingenting denne perioden.

Stjernetreff

Det gjorde heller ikkje Hareid, før Ruben-Kenneth Brandal brått fekk stjernetreff etter 13 minutt. Frå ca. 20 meter banka Hareid-kapteinen ballen rett i lengste kryss – til overrasking for både medspelarar, motspelarar og publikum. LGFK rista kjapt av seg baklengsmålet og kom til ytterlegare to sjansar det neste kvarteret. Men igjen viste Hareid seg frå ei meir effektiv side. Etter 30 minutt kom nemleg 2-0 som følgje av ei utruleg bra kontring som vi sjeldan ser på dette nivået. Kontringa vart avslutta med at Robin Jackson Indreflø spelte gjennom Venthan Ketheeswaran, som sikkert scora åleine med keeper.

Viktig LGFK-mål

Hareid hadde betre kontroll etter 2-0. Men typisk for denne kampen skulle det skje noko når ein minst venta det. Etter 46 minutt, då dei fleste var på veg til kiosken for å få pausekaffien, sette Stian Ristesund inn 2-1 frå kort hald.
   På mange måtar vart andre omgang motsett den første. Hareid hadde dei største sjansane, men LGFK hadde marginane. I det 53. minutt fekk Robin Jackson Indreflø ein kjempesjanse, men han nølte og fekk aldri avslutta. LGFK var halvfarlege på nokre dødballar midt i omgangen, utan å få til noko. Etter 75 minutt burde Hareid ha punktert kampen. Innbytar Eiliv-Tore Howlid spelte gjennom Ruben-Kenneth Brandal. Men LGFK-keeper Longva, som elles hadde ein ujamn kamp, redda meisterleg denne gongen.

Møller utvist

Det stod framleis 2-1 då kampen var fleire og 80 minutt gammal. Og det heilt store trykket frå LGFK mangla. Men så fekk bortelaget god hjelp frå dommar Richard Olsen. Innbytar Joar Møller hadde fortent fått gult kort for ei takling på Anders Vaagen like før. Men duellen Møller var involvert i to minutt før full tid var vel strengt tatt ikkje frispark i det heile tatt. I staden gav Olsen det andre gule til Møller, noko supporterar frå begge lag såg var heilt feil. Dei to siste minutta pluss dei fem tilleggsminutta måtte Hareid dermed spele med ti mann.
   Og då kom det naturlegvis eit visst press frå LGFK. To minutt på overtid fekk bortelaget straffe etter ein duell mellom Runar Stranden og ein LGFK-spelar. Spørsmålet er: Var det korrekt? Vi skal ikkje vere skråsikre. Stranden går definitivt etter ballen og er definitivt på ballen, men mannen blir tatt i same slengen. Her vil nok dei lærde stridast.

   Uansett: Straffe til LGFK, og der var Leiv Sindre Muren sikker.

Bittert

Kampen endar 2-2. Nokon vil seie det er greitt ut frå spel og sjansar. Men det er ikkje greitt, derimot bittert, slik kampen utvikla seg i sluttminutta.
   Avslutningsvis får vi påstå at det var ein jamn lagprestasjon av Hareid. Ingen var veldig mykje betre enn dei andre. Brandal scora eit fint mål, men vart godt passa på av LGFK-midtbana elles. Indreflø hadde nokre fine takter offensivt i periodar – og Hide stod trygt og godt i mål (kanskje med unntak av ein situasjon ut i overtida?). Vi synest også det er grunn til å nemne backane Driksna og Ketheeswaran, som var gode begge vegar. I andre del av andre omgang spelte forresten Indreflø back, etter at målscorar Ketheeswaran hadde gått ut.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon runde 4, torsdag 5. mai
Hareid – Larsnes/Gursken FK 2-2 (2-1)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 295
Mål: 1-0 Brandal (13), 2-0 Ketheeswaran (30), 2-1 Ristesund (45+1), 2-2 Muren (straffe, 90+2)
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
Raudt kort: Møller, Hareid (to gule)
Gule kort: Møller, Stranden, Skeide, Holstad, Brekke (Hareid) + 1 eller 2 på LGFK
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran (William Valde Bigset 66), Simon Holstad Grimstad, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna – Ruben-Kenneth Brandal (K), Alexander Nevstad (Joar Møller 80), Torgeir Skeide – Runar Stranden, Thor-Ove Brekke (Eiliv-Tore Howlid 73), Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 90).
*** Driksna, ** Ketheeswaran, * Indreflø

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR