14.04. DÅRLEG NYHEIT: SIGVE GIR SEG

Sigve for nokre år sidan.
Dårleg nyheit for Hareid-fotballen 12 dagar før seriestart: Sigve Overå Hide må kaste inn keeperhanskane og blir ikkje å sjå på bana i år. Sigve slit med ein hofteskade og ser ikkje anna val enn å ta ein lang pause frå fotballen.
Utruleg synd for både Hareid og Sigve. Han debuterte i seniorfotballen for Hareid 2/Hjørungavåg i 2014, fekk to a-kampar året etter - og har meir eller mindre stått fast på a-laget dei tre siste åra.
No får vi satse på at Rikard Johannes Osnes held seg skadefri. I tilfelle har Hareid ein bra keeper likevel. I bakhand har vi superveteranen Vagn Scheide Mork, men han vil helst konsentere seg om trenaroppgåver i klubben.
Takk for innatsen så langt og velkomen tilbake seinare, Sigve!