Skriv ut

29.01. AMUNDSEN TIL HØDD?

Roar Amundsen mot Ørsta i fjor.
Roar Amundsen mot Ørsta i fjor.

Hareid hadde ein relativt tung haustsesong i fjor, men eitt av lyspunkta var Roar Amundsen. Mannen frå Vinstra melde overgang frå Ready til Hareid eit par kampar ut i haustsesongen. Og var mellom anna med på å sikre viktige trepoengarar mot LGFK og Skodje.

Det var også meininga at Amundsen skulle spele på Hareid det neste halvåret. Men dei siste vekene har vist at han er attraktiv også for fleire andre klubbar i distriktet. Først kom 4.-divisjonskollega Bergsøy på bana, og så 2.-divisjonsklubben Hødd - der han etter planen skal trene komande veke.

Så vi får sjå kva som skjer. Det er ikkje meir enn nokre få dagar sidan sist Amundsen trena med Hareid. Og det er ingen løste dører for han her.