Skriv ut

19.01. HAREID MED ÅRETS ANDRE SIGNERING

Hareid har ny keeper på plass.
Hareid har ny keeper på plass.

Keeperar er noko som ofte er mangelvare i fleire klubbar, både i trening og kamp. Og Hareid har denne vinteren vore på jakt etter ein ny keeper. Torsdag kveld signert gledeleg nok Rikard Johannes Osnes.

Rikard er fødd i 1997 og kjem frå Ulsteinvik. I fjor var han keeper på Hødd sitt juniorlag i 1.-divisjon. Mange vil også hugse Rikard frå Grendacupen i romjula, der han stod godt.

Sigve Overå Hide var førstekeeper for Hareid mesteparten av sesongen i fjor. Han er også med vidare. Fredrik Lonbakken, som har vore i a-stallen som keeper i fleire år, blir også med. Men han er oppteken halve vekene med kveldsundervisning. 

Derfor passa det midt i blinken at Rikard Johannes Osnes no har signert. 

Velkomen til Hareid IL!