Skriv ut

18.01. HAREID - HØDD 2 BLIR 16. MAI-KAMP

Frå ein juniorkamp mellom Hareid og Hødd i 2011. Alexander Jackson Indreflø mot noverande Hareid-spelar Martinus Røyset Bakken.
Frå ein juniorkamp mellom Hareid og Hødd i 2011. Alexander Jackson Indreflø mot noverande Hareid-spelar Martinus Røyset Bakken.

For første gong sidan 2012 skal Hareid møte Hødd 2 og Bergsøy til teljande kampar.

Og heimekampen mot Hødd 2 vart under terminlistemøtet i går flytta til 16. mai, fotballens nasjonaldag. 

Hareid opnar med heimekamp mot Langevåg 21. april, og avsluttar med bortekamp mot Norborg 20. oktober. 

Det manglar nokre detaljar før terminlista til Hareid er endeleg banka, men desse er nok på plass til neste veke.