10.01. SMÅNYTT FRÅ LEIREN

Tilbake i trening måndag: Runar Stranden.
To karar tilbake i trening.
Redaksjonen stakk ein tur innom a-treninga måndag. Der registrerte vi at både Runar Stranden og Eiliv-Tore Howlid var på sine første treningar for året.
Stranden har slite med ein skade dei siste vekene, medan Howlid var oppteken med jobb sist veke.
Totalt sett var 18-19 mann i trening.
Nikolai Røyset er i Spania i høve eit bryllaup, medan Robin Jackson Indreflø trena alternativt. Elles var stort sett dei som skulle vere der på plass.
Vi kjem med ei ny oppdatering seinare i veka.