Skriv ut

05.01. A-LAGET OPNAR HEIME MOT BERGSØY

Emblem er eitt av laga Hareid møter i vinter. Her frå ein seriekamp på Hareid stadion i fjor vår.
Emblem er eitt av laga Hareid møter i vinter. Her frå ein seriekamp på Hareid stadion i fjor vår.

Hareid har enno ikkje på plass ny oppmann. Men for å ikkje hamne i bakleksa har ein gjeng denne veka jobba med å få på plass nokre treningskampar før sesongstarten.

Hareid opnar med heimekamp mot Bergsøy fredag 10. februar.

Vidare kjem Emblem til Hareid torsdag 23. februar, og ÅVK torsdagen etter (2. mars). Ein tredje heimekamp på rad går mot Hovdebygda 9. mars. 

Deretter er det aktuelt med kampar mot Volda og Stryn seinare i mars, men her er ikkje datoar på plass. 

Det er avtala å møte LGFK, men også her manglar ein dato så langt.

Det ligg an til å kunne bli generalprøve mot SIF på Siffen i påskeveka, men dette er ikkje heilt spikra.

Seriestarten går uansett heime mot Langevåg fredag 21. april.