Skriv ut

02.01. A-LAGET FOR MENN I GANG MED OPPKØYRINGA

Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Kenneth Moldskred, Vidar Vollsæter og Knut Helge Hovden.
Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Kenneth Moldskred, Vidar Vollsæter og Knut Helge Hovden.

Oppkøyringa mot det som etter alt å døme blir ein svært spennande 2017-sesong er i gang.

Det er ein klisjé, men like fullt sant: Ny sesong, nye moglegheiter. Hareid kom så vidt med i den nye og forsterka 4.-divisjonen. Det betyr at også årets sesong går ut på å klore seg fast i ein divisjon. Årets 4.-divisjon er nok nivåmessig nokså identisk med 3.-divisjonen som eksiserte fram til 2010. Og for første gong sidan 2012 blir det lokaloppgjer mot dei ventelege opprykksfavorittane Hødd 2 og Bergsøy. Volda og Rollon er andre lag som kjem ned frå 3.-divisjon som er venta å kjempe i toppen. Og då har vi enno ikkje nemnt laga som gjorde det godt i fjorårets 4.-divisjon, som SIF, Langevåg og Godøy. Så ja, her blir det mykje å bryne seg på.

Men som Kenneth Moldskred presiserte i eit kort møte før dagens trening: Det handlar også om å ha ein kjekk sesong med eit godt sosialt miljø. Og å ha ei gruppe som møter på trening etter trening. Ein får begynne der. Og heller kome tilbake til resultatmessige mål og den slags seinare.

Moldskred hadde i dag si første trening med Hareid a-lag etter ti år i Hødd, AaFK og Herd. Også resten av trenarapparatet var på plass; Ruben-Kenneth Brandal og Vidar Vollsæter. Det same var materialforvaltar Knut Helge Hovden og frilans-keepertrenar Vagn Scheide Mork. Ein oppmann for laget er ikkje på plass per no.

Kva så med spelarmaterialet?

Nikolai Røyset presenterte vi tidlegare i dag. Han var den einaste nye på dagens økt. På treningsfeltet - i treningsklede - var 17 utespelarar og to keeperar (Hide og Kurseth) på plass. (Ei fullstendig hospiteringsordning er ikkje på plass enno, så hospitantane som var med i dag var dei same som i fjor.) 

Runar Stranden var med på møtet før treninga, men trena ikkje grunna ein skade. Eiliv-Tore Howlid kom litt ut i treningsøkta, men det i arbeidsklede. Han hjelpte uansett litt til med utstyr og anna praktisk rundt laget. Berre Einar Elvanes har fleire sesongar som a-spelar enn Howlid (ikkje fleire kampar), og potet-spelaren frå Gomyra tek sjølvsagt ein ny sesong. 

Av dei som var med i fjor, men ikkje var på trening i dag, kjem vi i farten på Lars Roar Holstad (jobb), Alexander Nevstad (skade), Thor-Ove Brekke (ukjent), Håvard Knudsen Bjåstad (langtidsskade) og Fredrik Lonbakken (skule?). Kim-Tore Husøy signaliserte mot slutten av fjorårssesongen at han er ferdig som spelar, i alle fall som a-spelar. Den mangeårige Hareid-spelaren skal i år prioritere å trene juniorlaget i klubben. 

Neste trening er allereie tysdag 18.00. Så her er det berre å spenne fast setebeltet og køyre på.