hareid_il_logo_135.png









 

Sosialt samvære på Yrineset

031741.jpg

Tysdag var dei yngste i friidrettsutøvarane(9-11) samla
på Yrineset i Snipsøyrdalen til grilling og leik. I tillegg var det nokre som
bada!  Vi satsar på ei ny liknande samling til hausten. Tysdag 28 juni er det
trening som vanleg på friidrettsstadion.

ROLLS-ROYCESTEMNE OG KRETS-CUP I OG II

Komplette resultat  lister frå Lørdag og Søndag.

resultatliste_kretscup_ii__komplett.pdf
resultatliste_kretscup_i_komplett.pdf
resultatliste_rolls_roycestemne__komplett.pdf

OPNINGSSTEMNE

dsc_0214346.jpg
Vi gler oss til opningsstemnet komande helg (11 og
12 juni)!!
Av ymse grunnar har vi måtte gjere ei lita
endring.
Det vert ikkje tog frå loket, men defilering ("tog") rundt
løpebana istaden. Alle møter ved inngangen til stadion 11.30. Kl 12.00 startar
stemnet for dei yngste (sjå elles tidlegare info).
 
Tidsskjema og startliste finn du nederst i
menylista til venstre. 
NB: tidsskjema endra torsdag kveld.
 
Ser dokke der:)
 

OPNING AV HAREID NYE FRIIDRETTSTADION

I haust stoppa snøen oss då vi skulle ha offisiell opning av stadion. No gjer vi eit nytt forsøk! Laurdag 11. juni og søndag 12. juni skal vi arrangere kretscup og Rolls- Roycestemne. Dimna IL, som har god erfaring med å arrangere stemner, skal hjelpe oss.

Dimnaleikane 2011

Etter ein lang treningsvinter var det kjekt å endeleg få teste forma skikkeleg. Dette var for dei aller fleste det første utandørsstemnet denne sesongen. Hareid stilte både med dei yngste og dei eldste utøvarane sine på Dimnaleikane. For dei aller yngste var øvingane 60m, liten ball og lengde. Dei som var 10 år og eldre kunne velje mellom fleire ulike øvingar.  Trass i dårleg ver laurdag vart det mange gode resultat og personlege rekordar. Søndag vart vinden til tider litt for sterk til at rekordar kunne godkjennast.  

Etter Tyrvingtabellen var det Kristoffer Øvrelid Hasfjord og Ådne Andersen som fekk  dei høgaste poengsummane av Hareidsutøvarane. Kristoffer fekk 1000 poeng for hoppet sitt på 1.80 i høgde og Ådne Andersen sprang 800m på tida 1,57,72 noko som gir 996 poeng og 100m på 11.51 som gir 998 poeng. 

Komplette resultat og bilder finner du til venstre.

DIMNALØPET 10.04.11

dsc_026562.jpg

Kjempegod innsats av Hareidsløparane på Dimnaløpet!

Heile 29 løparar frå Hareid stilte til start, 17 gutar og 12 jenter. Dei yngste sprang 300meter, medan dei frå 10 år og oppover sprang 600m. Dei aller eldste sprang 800m og 1700m. Løypa gjekk i området rundt Dimnaskulen.

Sjå resultatlista på dimna.no

Årsfesten februar 2011

dsc_0075.jpg

Etter Team Athletics stemne i Hareidhallen arrangerte friidrettsgruppa årsfest i aulaen på ungdomsskulen. Ei god matykt, leikar, konkurranser høyrer med. Utdeling av friidrettsknappar frå fjorårssesongen var eit høgdepunkt for fleire.

Ukjente personar dukka opp...noko rart snakka dei også ;)

Team Athletics i Hareidhallen 2011

dsc_0006.jpg

Stor deltaking i Hareidhallen under Team Athletics stemne i februar!

Friidrettsgruppene frå Hareid, Dimna, Ørsta og Ålesund deltok.

Dugnad

Vinterdvalen er over, og vi kaller inn til dugnad på Hareid Nye stadion.
De blir førstkommende onsdag 13/4 kl 17.00 - 21.00
Her vert det enkel matservering.


Arbeidsoppgavene denne gangen er å få montert leddporten i
utstyrslageret / speakerbuda, og noe rydding.

Vel møtt.

Dommarkurs på Hareid 2011

26032011190.jpg

Med nytt friidrettstadion kjem behovet for utdanna friidrettsdommarar.

Heile 16 stk frå friidrettsgruppa i Hareid IL tok laurdag 26. mars den teoretiske prøva for å bli kretdsdommar. Dei må no ha praksis i alle dei tre disiplinane løp, kast og hopp før dei får den endelege godkjenninga.

På biletet har vi samla dei fleste kursdeltakarane i lag med kurshaldaren.

Vi ser frå venstre: 1.rekke: Ådne Elvanes, Rune Olsen, Sandra Bakkejord Mork, Lena Bakkejord Mork 2. rekke: Anna Håbakk Djupvik, Gry Håbakk Rise, Karen Topphol, Bjørg Hatløy Andersen, Odd Elvanes, Kjell Ove Mork, Eva Øvrelid Hasfjord. Bakerst: Magnus Rise, Sigmund Julshamn (kurshaldar), Ådne Andersen, Anders Riise. I tillegg var Bjørg Bakke Holstad og Ove Midtflø med.

Forhånd.1...1415161718Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png

Facebook.com/HareidIL
   
instagram.com/hil_friidrett
 
Twitter.com/HareidIL