hareid_il_logo_135.png









 

Haustsesongen

Heile 30 friidrettsutøvarar var påmelde til Ørstaleikane 20 og 21 august. Veret var flott, og det var kjekt å vere med på stemne igjen.

3 og 4 september var Oda, Nathalie og Maria kvalifiserte til å delta på NCC leikane! Gratulerer:)

Søndag 11 september deltok omlag 30 friidrettsutøvarar frå Hareid på Sparebankmøreleikane som Dimna arrangerte på Høddvoll. Dette var det siste stemnet for dei aller yngste. Spesielt kjekt å sjå den store 10årsgruppa vår;)

Simon deltok på Bergenslekene på Fana stadion 10 og 11 sept. Han tok nok ein gong ny lagsrekord på 60m med tida 8.47 (2pl.) og på 600m med tida 1,43,16(1pl), På 60m hekk sprang han på 10.23 som gir 1040p på Tyrvingtabellen(1pl). Andre resultat: høgde 1,46 (1pl),spyd (1pl),diskos (2pl), 80m 11,35 (2pl), lengde 4,63 (3 pl)

Komande helg er det KM i mangekamp i Ørsta for dei som er 11 år og eldre.

Ny Kretsrekord

Under eit treningstevne på Høddvoll den 26.07.2011 sette Ådne Andersen ny kretsrekord på 600m G17 med tida 1.24.59. Den gamle var 1.25.34.

Dette lover bra for helga, då skal Ådne til GN galan i Stockholm og springe 800 og 1500m.

Vi gratulerer og ønsker lykke til.

Treningsstemne på Høddvoll

Under Dimna sitt treningsstemne på Høddvoll torsdag klarte Sandra B Mork UM kravet på 300m hekk med tida 52.62. Gratulerer!

Simon H Grimstad sprang 200m hekk og fekk pers.med tida 31,71sek (1065 p).

Stor aktivitet på Friidrettskulen på Hareid stadion

dsc_0553.jpg

...både tysdag og onsdag 

I flott sommarver har heile 51 barn i alderen 8-12 år vore i sving på stadion desse dagane! Treninga starta begge dagane  med felles oppvarming og leik før utøvarane vart delt i ulike grupper. På programmet var både 60m, lengde, høgde, kule, ball/spyd og hekk. I pausen vart det servert saft og frisk frukt til alle. Begge dagane vart avslutta med stafettløp for alle. Trenarar har vore Arill Larsen, Ingvild Selvåg Grimstad, Karete Nesset, Elisabet G Kirkebø, Hege Holstad og Anders Egge Brandal.

Sparebankleikane på Byrkjelo 3-5.juli

 

dsc_0527734.jpg

Hareid stilte med ei lita tropp på Sparebankleikane på Byrkjelo i helga. 

Fredag deltok Simon (12) i g 13 klassen og fekk desse resultata:

Tresteg 9,38m (928p), Slegge:19,81m (3pl), 200m:27,63 3pl (997p)

Laurdag:

Ådne (17) 100m; 11,98 (1pl)

Simon (12) kule: 8,82 (1pl), lengde: 4,18 (1pl), 60m;8,57(1pl)(954p)

Hanna (9) kule:5.50 pers.(3pl), lengde 3,17 (3pl), 60m 9,98 2 plass (pers)

Søndag:

Malene(15) kvalifiserte seg til UM med eit 800m løp på tida 2,32,87. Gratulerer!

Ådne (17) sprang 800m på tida 1,57,14 (1006p). Spyd;37,04 (1pl)

Simon (12) 60mhekk:10,44 (1pl) (954p). Høgde 1,48m og ny klubbrekord (986p).

Hanna (9) Høgde 0,95m.

Friidrettsskule på Hareid

dsc_0280.jpg

Likar du å springe? hoppe? kaste?

Tysdag 5 og Onsdag 6 juli frå 10.00-13.00 kan du få prøve alt dette på Hareid stadion.

Nytt stadion er inspirerande for både utøvarar og trenarar, og vi har lyst at fleire skal få prøve dette flotte friidrettsanlegget vårt! Komande veke arrangerer friidrettsgruppa "friidrettsskule" for alle som vil i alderen 8-13 år. Til hausten er målet å gi tilbod om friidrettstrening til dei nye "3 klassingane", men kanskje det hadde vore kjekt å få prøve litt allereie no?!  Dei som allereie går på friidrett kan sjølvsagt også melde seg på friidrettsskulen.

Deltakarane vil bli delt inn i mindre grupper etter alder. Etter ei god oppvarmingsøkt med leik og moro, skal deltakarane få prøve seg på øvingar som td.lengde, 60m, høgde, kule, spyd, liten ball og hekk.

Deltakarane tek med nistepakke, gode utekle, og drikkeflaske. I pausen stiller friidrettsgruppa med drikke og frukt.

Då håper vi på mykje aktivitet på stadion tysdag og onsdag!

PÅMELDING TIL HEGE (90 95 00 98) eller ELISABET (95 73 39 05)

PRIS: 100,-

 

|

Veidekkelekene søndag 26 juni

dsc_0457.jpg

Siste dag av Veidekkelekene resulterte også i gode prestasjonar og personlege rekordar for Hareidsutøvarane.

Bendik (g10) sette personleg rekord på lengde med eit hopp på 3,65m.

Hanna (j10) fekk 2 plass og ny pers.på 600m med tida 2,12,80. I lengde vart det personleg rekord med eit hopp på 3,40m.

Simon(g12) tok gull og sette ny pers. på 600m med tida 1,43,19. I lengde vart det også gull med eit hopp på 4,40m.

Oda (j13) tok bronse og sette ny pers. på 800m med tida 2,32,00. I høgde fekk ho resultatet 1,35m.

Malene (j15) sette pers. 800m med tida 2,35,68. På 100m fekk ho tida 14,10 sek.

Sandra (j15) sprang 100m og fekk tida 14,51sek.

Kristoffer (g15) tok gull i kulestøt med resultatet 14.02 m. I 100m finalen vart han nummer 5 med tida 11,96 (11,86 i forsøket).

Ådne (g17) stilte på 800m i klassen menn senior. Han vann heatet sitt med tida 1,56,36(heilt ned mot pers.) og vart nr 9 totalt.

Veidekkelekene laurdag 25 juni

Kristoffer Ø Hasfjord 400m
Kristoffer Ø Hasfjord 400m

Nok ein flott friidrettsdag på Lillehammer er fullført. Fleire gode prestasjonar og personlege rekordar vart det idag også,- og sjølvsagt mange fornøgde utøvarar. Skuffa utøvarar som ikkje heilt har fått "det til å stemme" på enkelte øvingar er også ein del av gamet,men heldigvis har det vore få av desse. Mest skuffa er vel Maria som har vorte sjuk og fått trening/konkurranseforbud. Dagen vart avslutta med pizzafest på speidarhuset og kino til kvelden. Alt i alt ein god friidrettsdag for utøvarane våre.

Oda(j13) sprang 60m på tida 8.89sek.i B-finalen. Dette er personleg rekord.

Simon(g12) tok gull på 60m med tida 8,61sek. I høgde tok han gull og sette ny personleg rekord med eit hopp på 1,43m.

Andreas sprang også i A-finalen og fekk tida 9,31.

Hanna (j10) fekk personleg rekord på 60m på tida 10,00. Dette var 4 beste tid. I høgde hoppa ho 0.95m.

Bendik (g10) fekk personleg rekord på 60m med tida 10,14. I høgde hoppa han 1.05m.

Sandra (j15) hoppa lengde og fekk resultatet 4,16.

Iselin (j17) hoppa lengde og fekk resutatet 4,70.

Malene (j15) sprang 400m for første gong og fekk tida 66,70.

Kristoffer (g15) sprang 400m for første gong og tok gull med tida 53,29. Årsbeste for gutar 15 år. I lengde sette han personleg rekord med eit hopp på 5, 76m. Dette vart ein 4 plass.

 

Resultatlister finn du her

 

 

VEIDEKKE-lekene Lillehammer 2011

Første dag av Veidekke-leikane er godt i gang.

Hareid har reist nedover med 12 utøvarar.

 

 

Simon vann 200m G12 med ny personligrekord 27.40 +0,7 medvind. Dette er ny klubbrekord i Hareid.

Andreas sprang 200m G12 med tida 31,09 med +0,7 medvind.

Ådne Andersen sette personleg rekord på 1500m med tida 4,12,07

Oda 200m 29,32  med 2,1 i medvind, dette er 0,1 sek for mykje til å vere ny personligrekord. På sin første 1500m i konkurranse fekk ho tida 5,21,22.

Anna sprang 1500m i j16 på tida 5,34,61.

Simon vart nr to spydkonkurransen i g12 med eit kast på 30, 97m. Andreas tok 3 plassen med 25,61. 

 

Forhånd.1...131415161718Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png

Facebook.com/HareidIL
   
instagram.com/hil_friidrett
 
Twitter.com/HareidIL