Kjære Sambygding
Hareid Idrettslag er ein av hovuddrivarane i prosjektet ”Nye Hareid Stadion”, og har difor starta kronerulling for å finansiere dette.
Vikebladet/Vestposten vil jamnleg oppdatere innbetalingar og utbydingar. Nettsidene til Hareid Idrettslag vil også gi opplysningar om dette.
Web: http://www.vikebladet.no/ http://friidrett.hareidil.no/
Kronerulling kontonr: 3910 36 40001
På førehand, Tusen takk for støtta til arbeidet vårt !
Med venleg helsing
for Hareid Idrettslag
Sindre Breivik Inger Annie Molt Rise
Prosjektleiar HIL Leiar kronerulling
DUGNAD PÅ STADION
De blir DUGNAD PÅ NYE HAREID STADION Lørdag 17.juli kl 10.00 til 16.00.
KVA GJER VI PÅ LAURDAG:
- Gjerdet må opp
- Tribuna må bli ferdig
- Lagerbygget skal opp
- Grasklipping – vollane rundt bana
- Etc.
Ta med batteridrill, skøyteleidning, elektrisk drill, metermål , blyant og klippar.
Kaffi og noko å bite i vert det og
Opning av nye Hareid Stadion er sett til 11. september 2010 og med sommarferien i nær framtid, vil alle skjøne at tida fram til opning er knapp.
Det viktigaste er at folk møter på dugnad. Arbeidsoppgåver er det nok av.
VEL MØTT.